Logaritmisk vindprofil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Logarimisk vindprofil er ein matematisk samanheng som vert brukt for å finne den logaritmiske profilen til vindfarten som aukar med aukande høgde frå bakken.

Det logaritmiske vindprofilet er vanlegvis avgrensa til dei nedste 2000 metrane av atmosfæren (friksjonslaget eller grenselaget i atmosfæren). I den frie atmosfæren kan ein bruke den geostrofiske tilnærminga.

Likinga for å estimere vindfarten (uz) i høgda z (meter) over bakken er:

uz = u*/κ ln(z-d/z0)+ φ(z,z0,L), z >= h

der u* er friksjonsfarten (eller skjerfarten) (m s-1), κ is von Karman sin konstant (~0.41), d er forflyttinga frå nullplanet, z0 er ruheitslengda (i meter), and φ er ein stabilitetsparameter der L er Obukhovlengda. Når atmosfæren er nøytral stabil (når lufta har same tettleik som omgivnadane) er z/L = 0 og φ fell bort.

Nullplanforskyvinga (d) er høgda i meter over bakken der vindfarten er null på grunn av hindringar som tre og bygningar. Den vert vanlegvis sett til å vere tilnærma 2/3 av den mindla høgda (h) av hindringane. Til dømes visst ein estimerer vinden over ein skog med høgda h = 30 m, så er nullplanforskyvinga d = 20 m.

Ruheitslengda (z0) er eit mål på ruheita til overflata vinden strøymer over, og er mellom 1/10 og 1/30 av den midla høgda av hindringane på bakken. Over flatt, ope vatn er denne verdien om lag 0,0002 m, medan den over ei flat og ope grasflate er om lag 0,03 m, ein åker om lag 0,1-0,25 m og i skoglandskap 0,5-1,0 m. Verdiar over 1 m er sjeldan og indikerer svært ujamnt terreng.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]