Lohengrin sjokolade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lohengrin sjokolade, innpakka og utpakka.
Foto: Kjetil Lenes
Lohengrin hadde fyll av romkrem med mørk sjokolade utanpå.

Lohengrin var eit norsk sjokoladeprodukt som blei selt frå 1911 til 2019.[1] Han var laga av mørk sjokolade med eit fyll av romkrem.

Sjokoladen blei lagt fram for sal fyrste gong i Nationaltheatret i 1911, i samband med ei framsyning av Wagner-operaen Lohengrin. Sjokoladen blir laga av A/S Freia og fabrikken hadde dette året fått ein avtale om einesal av sjokolade i teateret. Han kom ikkje i sal i butikkane før eit par år etter.[2]

Sjokoladen syner to stiliserte roser i jugendstil.[2] Han blei formgjeven av arkitekten Henrik Bull, som òg hadde teikna Nationaltheatret. Utforminga blei seinare noko forenkla. Sjokoladen blei kåra til eit av kulturminna i samband med kulturminneåret 2009.[2]

På byrjinga av 1970-talet bestemte Freia seg for å leggja ned produksjonen av Lohengrin, men etter store protestar blei produksjonen sett i gang igjen etter nokre få månader.[3]

I februar 2019 bei salet av sjokoladen stoppa av den nye eigaren Mondelēz, mykje på grunn av låg etterspurnad.[4] Produksjonen av Lohengrin blei avslutta allereie i oktober/november 2018.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Over 100 år gammel sjokolade-favoritt forsvinner fra butikken». TV 2 (på norsk bokmål). 15. februar 2019. Henta 15. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Bjørn Vidar Johansen (20. februar 2019). «Lohengrin: Et tapt kulturminne?». UiO: Museum for universitets- og vitenskapshistorie. Henta 22. februar 2019. 
  3. «Hamstrer Lohengrin-sjokolade etter dyster beskjed». VG (på norsk bokmål). 15. februar 2019. Henta 15. februar 2019. 
  4. «Denne 108 år gamle sjokoladen får du snart ikke tak i lenger». Aftenposten (på norsk bokmål). 15. februar 2019. Henta 15. februar 2019. 
  5. «Solgte Lohengrin-sjokolade for 10.000 kroner». Nettavisen (på norsk bokmål). 2. mars 2019. Henta 8. mars 2019.