Mikroklima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lokalklima)

Mikroklima eller lokalklima er eit lokalt atmosfærisk område der klimaet er forskjellig frå det omliggande området. Området kan variere i storleik frå nokre få kvadratcentimeter (mikroklima) til fleire kvadratkilometer (som ein dal, då kalla lokalklima). Dei fysiske lovene som styrer prosessane mellom jordoverflata og atmosfæren er dei same over heile jorda, men verknaden på klimaet kan variere mykje frå ein stad til ein annan. Karakteristiske trekk i mikro- og lokalklimaet vert avgjort av dei storstilte vêr- og klimatilhøva, kva overflater ein har i området og topografien til området.

Dei lokale kontrastane vert ofte størst i klårvêr med vindstille eller svak vind, og av den grunn vert mikro- eller lokalklimaet ofte kalla eit «godvêrsklima». I denne typen vêr er det lokale skilnader i strålings- og varmeomsetninga som påverkar lokalvêret, og ein kan seie at dette er strålingsbestemt. I skya vêr med vind vert skilnadane i lufttemperatur og luftfukt som regel små og lokalvêret vert då dominert av luftmassar som vert advektert frå andre område. Ein kan då seie at lokalvêret er advektivt bestemt. I slike tilfelle kan ein sjølvsagt framleis få store skilnader i nedbør- og vindfordelinga.

Årsakene til dei lokale skilnadane i klimaet er skilnader i overflatetype (skog eller anna plantedekke, snaufjell, vatn, busetnad, tørr eller fuktig overflate osv.) og den lokale topografien (fjell som skuggar for sola, helling, orientering av bakkar og lier, vid eller trong dal osv.)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kåre Utaaker (1991). Mikro- og lokalmeteorologi - Det atmosfæriske miljø på liten skala. Bergen: Alma Mater. ISBN 82-419-0063-5.