Lokalstyrte busetnader på Kypros
(Omdirigert frå Lokalstyrde busetnader på Kypros)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein lokalstyrt busetnad (gresk κοινότητα, kinótita) er ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Kypros har seks distrikt, som er delte inn i kommunar (mest i urbane område) og lokalstyrte busetnader (mest i landlege område).[1]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dette gjeld 135 lokalstyrte busetnader, medan 350 ligg i dei områda som er under kontroll av kypriotiske styresmakter.[1]
Busetnader med meir enn 5000 innbyggjarar eller som har ressursar til å fungere som ein kommune, kan etter folkerøysting få status som kommune. I 2011 vart det på denne måten seks nye kommunar på Kypros.[1][2]