Åte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lokkemat)
Mauragn på ein fiskekrok.

Agn, lokkemat, åt eller åte er noko ein bruker for å lokka eit bytte i jakt, fangst eller fiske.

Jakt og fiske[endre | endre wikiteksten]

Åte kan nyttast til å jakterovdyr. Ved å leggje ut åte eller lokkemat, som til dømes kan vere eit åtsel eller eit stoff med liknande lukt, kan ein trekkje rovdyr til åtet, medan jegeren ligg i skjul til dyret er på skothald. Åte kan òg nyttast til å lure dyr inn i ei felle, som til dømes ei musefelle.

Agn viser til åte som ein nyttar som lokkemat for fisk. Fiskaren kan då setje agnet på ein ongul for å få fisken til å bite over kroken.

Andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

  • Åte er eit fellesnamn på dyreplankton eller fiskeyngel i havet. Dette er viktig næring for fisk og kval.
  • Åte kan òg tyde ein stim av fisk, som ei åte med sild.
  • Å strø åte vil seie å strø jord eller grus på snøen om våren for at han skal smelte raskare. Dette vert òg kalla aure, mele, volde eller mylde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]