Lokomotivet Rocket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei samtidig teikning av «The Rocket».

Rocket (engelsk 'Rakett') var eit tidleg damplokomotiv utforma av Robert Stephenson i 1829. Det er rekna som det første moderne lokomotivet.[1]

Rocket var ikkje det første damplokomotivet til å bli laga, men førte saman mange ulike oppfinningar som gjorde det til det mest avanserte lokomotivet i samtida, og eit mønster for damplokomotiv gjennom dei neste 150 åra.

Lokomotivet vart konstruert av Robert Stephenson and Company i Newcastle-upon-Tyne i 1829. Toppfarten til lokomotivet med full last var cirka 46 km/t. Originalen var i bruk til 1862. Han var utstilt på London Science Museum fram til 2018, med ei framsyning i Japan i høve Festival UK 98 i 1998.[2] Deretter blei lokomotivetlånt ut til Newcastle Discovery Museum frå 22. juni til 9. september 2018, og så til Science and Industry Museum i Manchester frå 25. september 2018 til 8. september 2019.[3] Deretter skal det vera ved National Railway Museum i York.[4]

Ein kjørbar kopi av «Rocket» vart bygd i 1979, og tilhøyrer National Railway Museum.[5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Holland, Julian. Tog. [Oslo]: Cappelen. s. 9. ISBN 8202174228. 
  2. «Stephenson's Rocket». Science Museum Group Collection. Henta 14. juni 2019. 
  3. «Stephenson’s Rocket returns», Science and Industry Museum (på engelsk), henta 14. juni 2019 
  4. Brown, Mark (23. juli 2018). «'Our Elgin marbles': Stephenson's Rocket returns to north». the Guardian. Henta 23. juli 2018. 
  5. «Working replica of Rocket». Science Museum Group Collection. Henta 14. juni 2019. 
  • Denne artikkelen bygger på The Rocket frå Wikipedia på bokmål 22. mai 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]