Loktsjim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loktsjim
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 6 600 km²
Lengd 272 km
Middelvassføring 51,6 /s
Munning Vytsjegda

Loktsjim
61°47′17″ N 51°42′43″ E

Loktsjim, Loksjma, Lotsjkim eller Lektsjim (russisk Локчим, Локшма, Лочким eller Лэкчим) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Vytsjegda frå venstre.

Elva har ei lengd på 272 km og eit nedslagsfelt 6 600 km². 53 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 51,6 m³/s. Elva frys til i slutten av oktober og vert isfri att i april.

Dei største sidelvane hennar er Baljo, Pevk, Vuktyl, Sol, Lopyo, Tsjed, Bolsjoj Pevk, alle frå venstre.

Elva startar søraust i Komi, nær grensa til Perm kraj. Elva renn først sørover, før ho tar ein stor sving vestover og nordover. Breidda av elva er særs myrlendt. Tidlegare vart elva nytta til tømmerfløyting.

Ved landsbyen Lopydino møter ho sideelva Lopju Loktsjim, og frå her og 153 km ned til munningen kan ho nyttast til skipsfart. Lenger nede i elva ligg landsbyen Kortekeros og like etter munnar elva ut i Vytsjegda ved landsbyen Ust-Loktsjim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]