Lommedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lommedalen
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Bærum
Areal 4,03 km²
Folketal 11 200 (4. november 2019)[1]
Kart
Lommedalen
59°57′00″N 10°28′00″E / 59.95°N 10.466666666667°E / 59.95; 10.466666666667
Wikimedia Commons: Lommedalen

Lommedalen er ein tettstad nord i Bærum kommune i Akershus. Staden har 3 154 innbyggjarar (2017), og ligg inn mot Krokskogen .[2] Statistisk sentralbyrå opererte i 2016 med 11 383 innbyggjarar, men dette inkluderer òg Helset, Bærums Verk og Toppenhaug, som ikkje har anna med Lommedalen å gjera enn geografisk nærleik.[3]

Lommedalen er ein endestasjon lengst nord i Bærum, med einaste tilkomstveg allment tilgjengeleg for biltransport sørfrå.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet er gammalt og finst i kjelder frå byrjinga av 1300-talet. Lommedalen har fått namn etter elva Lomma som renn gjennom dalen og kjem frå fuglnamnet lom.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lommedalen var opphavleg eit gards- og jordbrukssamfunn. Sokneprest Neumann skreiv i Asker og Bærums budstikke (Budstikken) i 1818:

En isoleret bygd, henhørende til vestre Bærum, gaar fra Krokskogen av nedover til Bærums jernverk og kaldes Lommedalen. Den trænger seg paa begge sidenr av en elv, fra hvilket Bærumsverket faar sit vand, langs med fjeldsiderne i en smal strækning av 1/2 mil og beboes av driftige bønder, hvis flid naturen skylder at dens forrige raahet er forsvunden, og at den nu aapenbarer seg i blidere former.[5]

Tilhøvet til distrikta[endre | endre wikiteksten]

Dalen var knytt saman med Hole og Ringerike via Gamleveien skapt av trekulltrafikken frå Lommedalen. Gamleveien vart i 1791 opphøgd til kongeveg til Bergen. I 1922 vart busselskapet Lommedalsbussen oppretta etter initiativ frå Lommedalens vel. Det var då lettare å koma seg til Lommedalen med tog frå Oslo til Sandvika og busssamband derfrå.

Lommedølinger reiste tidlegare òg til Oslo for å driva handel.[6] I 1912 brukte ein tenestegut med hest og slede på By gard tre kvartar frå By (i Lommedalen) til Hospitalet i Oslo, og då var det 15 cm snø over Steinskogen.[7] Lommedølinger var likevel regelmessig innom hovudstaden før busselskapet vart skipa. Det var ikkje uvanleg at jentene gjekk barbeint til Oslo for å driva handel. Marsjen gjekk til sentrum, men jentene tok skorne på ved Frogner kirke, for det vart dårleg med sal for barbeinte. På våren selde jentene liljekonvall dei hadde plukka og på hausten gjekk dei med 25 liters-spann med bær til byen.[8]

Lommedalen i krig[endre | endre wikiteksten]

Representantar frå Lommedalen spelte ei lita, men viktig rolle under den store nordiske krigen. Svenskane var på veg over Krokskogen var i ferd med å overta Europa, då Kari Hiran narra dei blågule til å tru at nordmennene var på veg med 1 000 mann i forsterkingar. Med frykt for den møtande arméen trekte svenskane seg tilbake. Hiran er i dag æra med «Benteplassen» på Krokskogen. «Benteplassen» har namn etter Hiran sin ektemenn, Bent Aslesen Finne.

Under andre verdskrigen var Lommedalen representert med «Lommedalstroppen» i Milorgsgruppe 13313,[9] med operasjonsområde «Lommedalen og omegn». Særleg kan Erik Bye (f. 1918) nemnast for sin innsats som lagleder, troppsassistent og sabotasjeinstruktør. Bye vart avretta på Akershus festning 9. februar 1945.[10] I dag finst minnesmerke over Lommedalstroppens innsats i både Trulsrudmarka (mot Rognlia) og bakom Jordbærhaugen mot Småvatn. Restane av Trygve Bagåsen og Eivind Ulveruds våpenlager frå 1944, kan enno skimtast på ein berghylle under Åmotkollene. Lageret vart aldri funne av tyskarane.[11] Boka Milorg 13313 - Historia om gruppa og opplevelser vart utgjeve i 1948 i eit avgrensa opplag med berre 250 nummererte eksemplar. Boka er skrive av gruppesjef Jens Wulfsberg og Per O. Andresen og er på 142 sider.[12]

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 1970- og 1980-talet var det mykje bustadbygging i området, og det kom mange innflyttarar som arbeidde utanfor dalen.Innflyttinga førte til ei aukande utvatning av den eigenarta dialekten i dalen, det blei sagt at «dialekten i dalen tok bussen til byen».[13]

Til trass for stor utbygging gjennom det første tiåret av 2000-talet (Trulsrudmarka og Bjerkefeltet), er den inste delen av Lommedalen framleis relativt urørt. Aust i dalen finn ein vatna Burudvann som vert brukt som turmål, som badevatn om sommaren og til pilking om vinteren. Skiløypene er populære med gode tilhøve og lang vintersesong.

Lommedalen kyrkje er ei rektangulær, særprega betongkyrkje frå 1995 med 700 sitteplassar. Kyrkja har ikkje opphøgd preikestol.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ungdomslaget «Lauvsprett» vart danna i 1876. Lauvsprett arrangerte i løpet av de fyrste femti år, meir enn 800 møte, festar, utflukter og liknande, oftast arrangert på Solhaug. Laget tillét likevel ikkje kva som helst, og i 1919 nekta Lauvsprett å leiga ut Solhaug til trekkspelkonsert.[14]

Lommedalen har òg sin eigen song, «Lommedalssangen». Den er skriven av Signora Burud og stammar frå miljøet rundt Lauvsprett, men det er uvisst kva tid han vart skriven.

I 1891 vart det arrangert 17. mai-tog i Lommedalen, truleg det første i Bærum.[15]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Lommedalens Idrettslag (LIL) vart formelt oppretta i 1903 og hadde per 31. desember 2009 1 683 medlemmar.[16] Dei to komponentane til idrettslaget, skyttarklubben Blink og skilaget Njård, eksisterte likevel allereie på 1800-talet, skyttarlaget Blink frå 1884.[17] Idrettslaget har ei rekkje tilbod til barn og ungdom som alpint, skihopp, langrenn, fotball, basketball, handball og orientering. I tillegg finst òg ein tennisklubb og to golfklubbar (Lommedalen Golfklubb og Bærum Golfklubb) i dalen. I 2009 spelte A-laget (fotball) opprykkskamper mot Frigg for ein plass i annan divisjon.

Krydsbyløypa i Lommedalen er den lengste i Bærum. Krydsbyløypa har to skitrekk, eit barnetrekk nedst som nybyrjarbakke for dei aller minste, og ein T-krokheis i den store bakken. Barnebakken, eller «Fantaski»-bakken som den òg er kalla, var ein av dei fyrste skibakkane i landet, særleg tilrettelagd for dei yngste (og danskar!). «Fantaskibakken» skal vera den fremste i sitt slag på Austlandet.[18] Kjende heng i «voksenløypa» er Bratthenget og Vindheia, kjende hopp er Magasuget og Dracula. Skianlegget har òg vore anerkjent for off-piste, mellom anna ved løypene «Solo» (på sørsida) og «Spøkelse» (på nordsida). Desse løypene er i dag øydelagd av den moderne utbygginga av Haugsåsen og Trulsrudmarka. Krydsbyløypa vart i si tid anlagt av Birger Ruud, og har i seinare tid fostra toppalpinistar som Jan Einar Thorsen, Aleksander Aamodt Kilde og Leif Kristian Haugen som våren 2010 vart tekne ut på landslaget i alpint[19] og som òg representerte Noreg under vinter-OL i Vancouver same år.

Dalens idrettslag har som logo eit våpenskjold med slagordet til idrettslaget «værg dit land». I og med at idrettslaget formelt vart stifta i 1903, var nok slagordet sterk inspirert av den gryande lausrivinga frå Sverige.

Verdsmeistrar og olympiske medaljevinnarar[endre | endre wikiteksten]

I 2016 var representantar frå Lommedalen leiande i tre ulike idrettar: Magnus Carlsen var verdsmeister i sjakk, Rune Velta var verdsmeister i skihopp og Alexander Aamodt Kilde var samanlagt meister i den alpine Super-G-cupen.

Under vinter-OL i 2018 mottok Espen Andersen sølv i lagkonkurransen i kombinert og Leif Kristian Haugen bronse i lagkonkurransen i alpint.

Kjende lommedølar[endre | endre wikiteksten]

Født og/eller halde til barndomen i dalen (inkludert Skarva)[endre | endre wikiteksten]

Busette i dalen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Tettsteders befolkning og areal». Statistisk sentralbyrå. 
  2. «Valgresultat for Lommedalen». NRK (på norsk bokmål). 
  3. «Befolkning og areal i tettsteder». ssb.no (på norsk bokmål). Henta 4. oktober 2017. 
  4. Bærum - en bygds historie (1922), s. 443
  5. Lommedalen, en bygd i bygda, s 44
  6. Gammalt frå Lommedær'n, Egill Bø, Novus forlag 1984, s 18
  7. Gammalt frå Lommedær'n, Egill Bø, Novus forlag 1984, s 28
  8. Gammalt frå Lommedær'n, s 18
  9. Lommedalen - en bygd i bygda, utgitt av kulturutvalget i Bærum 1976, s 74-75
  10. http://www.specialforcesroh.com/browse.php?mode=viewiroll&rollid=15255
  11. http://www.geocaching.com/seek/cache_details.aspx?guid=7b91d97f-3b61-4da1-bb79-b16e325fbcd2
  12. Milorg –13313 – Gruppens historie og opplevelser – 1948
  13. Finn-Erik Vinje: Restene av den gamle Lommedalsdialekten, i Lommedalen – en bygd i bygda
  14. Lommedalen – en bygd i bygda, s 62
  15. Gammalt frå Lommedær'n, s 27
  16. Hovedstyrets årsberetning for 2009; http://idrett.speaker.no/Downloads/20107/docs/Årsregnskap_LIL_2009_med_revisjonsberetning.pdf[daud lenkje]
  17. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 14. desember 2009. Henta 17. juni 2010. 
  18. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 6. desember 2010. Henta 26. mai 2010. 
  19. http://www.skiforbundet.no/Nyheter/2010/mai/Sider/Haugeninnp%C3%A5verdenscuplaget.aspx[daud lenkje]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]