Lommetørkle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lommetørkle av tynt lintøy med dekorative kantar.

Lommetørkle er eit lite stykke av tøy eller papir som ein kan bera i lomma for å snyta eller tørke seg, i staden for å bruka kleda sine eller liknande. Det kan også vera ein dekorativ del av klesdrakten.

Historikk og variantar[endre | endre wikiteksten]

Portrett av Maria Theresia av Spania som fjortenåring i 1653 av Diego Velázquez. Det viser ei prinsesse med stort pyntelommetørkle. Hårfrisyren og kjolen med breie panier (avstiva underskjørt) er typisk for den spanske moten då.
Ferdigkjøpte eingongslommetørkle av tynt, mjukt papir.
Eit utval mønstra pyntelommetørkle i finare, glatte stoff til bruk som dekor i brystlommene på tradisjonelle dressjakker 2008

Lommetørkle er kjente frå det første hundreåret f.Kr. Då blei dei brukte til å tørka bort sveitte.[1] Frå ca. år 300 e.Kr. er dei òg omtalte som ein reiskap til å reinsa nasen med. Lommetørkle blei opphavleg borne i handa, over armen eller liknande. Først då enkelte draktplagg fekk lommer på slutten av 1600-talet, kunne dei plasserast der. Ulike tørkletypar var tidlegare fint luksustilbehøyr til klesdraktene, og lommetørklea som blei borne synlege, fekk ofte ein reint dekorativ funksjon. Utsjånaden og bruksmåtane har veksla fram mot vår tid.

Lommetørkle kan òg brukast som pynt til dressjakker. Dei blir då gjerne bretta slik at ein flik stikk over kanten, medan resten er stappa i brystlommen. Nokre skjortefabrikanter leverer pyntelommetørkle i same stoff og mønster som skjorta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Oppslagsordet «lommetørklær» i Store norske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Lommetørkle