London Borough of Havering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
London Borough of Havering
bydel
Land Flag of England.svg England
Region Stor-London
Del av Ytre London

London Borough of Havering
51°33′0″ N 0°13′0″ E
Wikimedia Commons: London Borough of Havering

Havering er ein bydel i det austlege London. Han grensar mot Themsen og bydelen Bexley i sør, Redbridge og Barking and Dagenham i vest, Essex i nord og Thurrock i aust. Mot aust markerer M25 grensa nesten heile vegen, med unntak av North Ockendon som ligg på utsida av ringvegen.

Distriktet blei oppretta i 1965 ved at kretsen Romford og distriktet Hornchurch blei slått saman og overført til Stor-London frå Essex.

I løpet av 1900-talet blei Havering eit populært bustadområde grunna eit godt samband med det sentrale London via tog og undergrunnsbana.

Store delar av distriktet består av parkar, og omkring halvparten er definert som verna naturområde.

Stader i Havering[endre | endre wikiteksten]