London Bridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
London Bridge i 2003.

London Bridge er ei bru som går over Themsen i London, mellom City of London og Southwark. Ho ligg mellom Cannon Street Railway Bridge og Tower Bridge, og markerer den vestre kanten av Pool of London. Dette var den einaste brua over Themsen fram til Westminster Bridge blei opna i 1750.


Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei gravering av Claes Visscher som viser London Bridge slik ho var i 1616.

Det er uvisst når den første London-brua vart bygt, men ein trur at romerane bygde ei bru av treverk ved London (Londinium) i styringstida til keisar Claudius (han døydde i år 54). Ein reknar med at brua kom i forfall og vart reparert fleire gonger etter den tida. Ho var strategisk særs viktig, både militært og sivilt, som den einaste staden der ein kunne krysse nedre delen av Themsen, utan å nytte båt.

Konkrete kjelder om brua har ein først for år 994[1], og ho er nemnd i den angelsaksiske krønika første gongen i år 1016[2]. Brua vart øydelagt av ein tornado i 1091 og vart bygt opp att av kong Vilhelm II, deretter vart ho øydelagt av brann in 1136. Under leiing av presten Peter (Petrus capellanus de Colechurch[3]) starta ein i 1176 arbeidet med å bygge ei steinbru som stod ferdig i 1209 [1]. Seinare vart brua utsett for mange ulukker og brannar og fleire gonger vart ho endra og bygt om. Ei tid var brua fullsett med bygningar på opp til sju etasjer høge og ho vart rekna som ein eigen bydel i London. Tidleg på 1800-talet var brua over 600 år gamal og var både skrøpeleg og altfor smal. Ei ny steinbru med fem vide bogar vart planlagt av den skotske ingeniøren John Rennie d.e. (1761-1821)[4]. Byggearbeidet starta først etter at han var død, og brua stod ferdig i 1831.

London Bridge, teikna av John Rennie, slik brua stod på slutten av 1800-talet. I 1968 vart ho seld og flytta til Lake Havasu City i Arizona.
(Kjelde:Cornell University Library)


Myte frå vikingtida[endre | endre wikiteksten]

Inspirert av norrøne soger er det blitt etablert ei myte om at Olav Haraldson (Olav den heilage) skulle ha øydelagt brua, då han saman med kong Ethelred kjempa mot danske hærstyrkar som hadde teke herredømet over London. Hendinga skal òg ha gitt inspirasjon til det engelske barnerimet «London Bridge is falling down». Det finst likevel ingen historiske prov for hendinga og det heile må truleg reknast for å vere ei av dei mange helgen-mytene som oppstod omkring Olav den Heilage. Den angelsaksiske krønika nemner ikkje noko om at brua vart øydelagd i den tida Olav Haraldson var i teneste hos kong Ethelred (frå påska 1014 til sumaren 1015). Det ville ha vore nokså påtakeleg at krønikene ikkje skulle ha nemnt ei slik storhending. Derimot er London Bridge nemnt i krønikene og andre engelske kjelder, i samband med hendingar i 1016[2] , då kong Knut den store og Eirik jarl freista å erobre London.

Det er verd å merke seg at brua i 1016, mindre enn to år etter at ho skulle ha blitt øydelagt av Olav Haraldson, var intakt, og så sterkbygd at dei fann å måtte grave ei grøft rundt brua på sørsida (ved Southwark), for deretter å kunne drage skipa til vestsida, opp om brua.


 «London Bridge is falling down»: Det er fleire teoriar om opphavet til barnerimet[5]. Mest truleg skriv det seg frå ei hending på 1200-talet, der «My fair lady» viser til Eleanor av Provence(1223-1291)[6]. Eleanor var dronninga til kong Henry III, og ho vart særs upopulær i London. Det er sagt at innbyggarane kasta stein på båten hennar når ho reiste på elva og dei trua med å drukne henne som ei heks. Det er kjent at ho i tida 1269 til 1281 heldt attende til eige bruk dei skattepengane som var avsett til vedlikehald av London Bridge, med det resultat at brua over tid vart i så dårlegare forfatning at ho stod i fare for å falle saman. 

Brua i vår tid[endre | endre wikiteksten]

London Bridge i 2005.
(Fotograf: David Williams)

London Bridge, dvs Rennie-brua som var bygt i 1831, vart seld i 1968 til den amerikanske forretningsmannen Robert McCulloch[7] og vart rekonstruert ved Lake Havasu City i Arizona, USA. Ei ny London Bridge var då alt under konstruksjon. Den noverande brua vart bygt av entreprenørselskapet MOWLEM frå 1967 til 1972 og opna av dronning Elisabeth II 17. mars 1973. Kostnadane på fire millionar pund blei betalt av Bridge House Estates. Brua er 269 m lang, 32 m breid og består av tre bruspenn bygt av spennbetong. Det lengste bruspennet er på 104 m. På sørsida av brua ligg Southwark-katedralen og London Bridge stasjon. På nordsida ligg monumentet over den store bybrannen i 1666 og Bank og Monument undergrunnsstasjonar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 British History Online London Bridge,
  2. 2,0 2,1 The Project Gutenberg Ebook The Anglo-Saxon Chronicle (1016)
  3. British History Onlinr Parish church of St. Mary Colechurch
  4. BBC History, John Rennie
  5. DailyMedieval London Bridge is Falling Down! (2012)
  6. London Bridge Museum Queen Eleanor
  7. London Bridge Museum The Rennie Bridge

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]