Lonely and Blue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sings Lonely and Blue
Studioalbum av Roy Orbison
Utgjeve 1961
Innspelt September 1959 - september 1960
Sjanger Rock
Lengd 30:47
Selskap Monument
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi
Roy Orbison at the Rock House
(1961)
Sings Lonely and Blue Crying
(1962)


Lonely and Blue er det første albumet Roy Orbison spelte inn for Monument Records, gjeve ut i 1961.

Albumet var gjennombrotet for Orbison, og i følgje Bruce Eder i Allmusic, var det på sett og vis òg eit gjennombrot for rock and roll. Fram til då var det, med unntak av Elvis Presley, berre få kvite rock & roll-artistar som «ein gong hadde prøvd å bruke eit album på ein så modig måte som me høyrer på denne plata.»[1] Orbison, medlåtskrivaren Joe Melson og produsenten Fred Foster danna ein stil der dei kombinerte rock and roll-rytmar med den polerte countrystilen kalla Nashville sound og den store spennvidda og operaaktige intensiteten i stemma til Orbison til å danne unik musikk.[1] Singelen «Only the Lonely» var den mest populære på albumet.

Om nokre av dei andre songane på albumet skriv Allmusic om «den mektige vokalen og saksofonsoloen til Boots Randolph på «I'll Say It's My Fault», den stemningsskapande Orbison-Melson-songen «Come Back to Me (My Love)», som var som ein minifilm, eit romantisk melodrama sungen med operaaktig djupne med ein lett rock & roll-rytme, Don Gibson sine «I'd Be a Legend in My Time» og «I Can't Stop Loving You», begge fylt med overstore musikalske eigenskapar og kjensler bak den usedvanlege synginga til Orbison, som han som ein arie av Verdi, medan ein saksofonsolo, the Anita Kerr Singers og ein tett strykeseksjon held det heile fast i pop-verda, og «Bye Bye Love» som i Orbison si drakt høyres ut som ein country-pop-symfoni.»[1]

Lydkvaliteten på albumet var klår og tydeleg, miksa i stereo, og eit av dei første rock & roll-albuma som hadde betre lydkvalitet i stereo enn i mono.[1] Albumet skal ha vore eit av dei første rockealbuma som fekk mykje merksemd hos hi-fi-entusiastar.[1]

Songen «Come Back to Me (My Love)» inneheld ein nesten identisk intro som «Only the Lonely». I 1957 spelte Frank Sinatra inn ein song med same namn for albumet Frank Sinatra Sings for Only the Lonely (ikkje den same som Orbison sin song).

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roy Orbison og Joe Melson, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Only the Lonely»   2:26
2. «Bye Bye Love» (Felice & Boudleaux Bryant) 2:14
3. «Cry» (Churchill Kohlman) 2:41
4. «Blue Avenue»   2:20
5. «I Can't Stop Loving You» (Don Gibson) 2:43
6. «Come Back To Me (My Love)»   2:27
Side to
# Tittel Lengd
7. «Blue Angel»   2:51
8. «Raindrops» (Melson) 1:53
9. «(I'd Be) A Legend in My Time» (Gibson) 3:08
10. «I'm Hurtin'»   2:43
11. «22 Days» (Gene Pitney) 3:07
12. «I'll Say It's My Fault» (Orbison, Fred Foster) 2:21

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Albumet på Allmusic