Long Ago and Far Away av James Taylor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Long Ago and Far Away
Singel av James Taylor
frå albumet Mud Slide Slim and the Blue Horizon
B-side

Let Me Ride

Utgjeve 1971
Innspelt 1971
Sjanger Folkrock, softrock
Lengd 2:20
Selskap Warner Bros.
Tekstforfattar James Taylor
Låtskrivar(ar) James Taylor
Produsent Peter Asher
James Taylor-kronologi 
«You Can Close Your Eyes»
(1971)
Long Ago and Far Away «Don't Let Me Be Lonely Tonight»
(1972)


«Long Ago and Far Away» er ein song skriven av James Taylor og først gjeven ut i 1971 på albumet hans Mud Slide Slim and the Blue Horizon. Han var oppfølgjarsingelen til You've Got a Friend og vart ein topp 40-hit i USA og ein topp 20-hit i Canada, og nådde topp 10 på Adult Contemporary i USA. Den har også vorte coveret av New York Voices og Johnny Mathis.

Tekst og musikk[endre | endre wikiteksten]

Taylor skreiv «Long Ago and Far Away» i 1970, omtrent eit år før han vart spelt inn for Mud Slide Slim.[1] Joni Mitchell syng korvokal og Carole King speler piano.[2][3] Det er ein trist song som Taylor-biografen Timothy White kallar «blant dei mest vemodige i Taylor sin enorme katalog av verdslege salmar». «[3] Temaet i songen er korleis ting ikkje blir som planlagt, korleis drøymer vanlegvis ikkje samsvarer med den endelege røyndommen og korleis forventningar ikkje varer.[4] Teksten skildrar ein ung mann som ikkje har fått draumane sine i oppfylling.[5] Teksten framkallar eit motiv som er vanleg i Taylor sine songar, nemleg havet og det å segla bort av ulike årsaker.[3] Andre bilete i teksten er «ømme draumar» og «knust glas».[3] Mot slutten av songen spør songaren kvifor songen hans er så trist.[3] Uttrykket «long ago and far away» finst aldri i teksten.[4] I staden syng Taylor at «Long ago a young one sits and plays his waiting game».[4] I 1998 noterte Taylor at teksten i det andre verset «Love is just a word I've heard when things are being said» var den «mest samanhengande» delen av songen for han på den tida, og uttalte at «det er ei grubling over naturen til forventningane, og korleis dei ikkje varer».[6]

Kritikaren Al Rudis noterer ein likskap mellom noko av melodien i «Long Ago and Far Away» og den i «Sunny Skies», ein song frå Taylor sitt førre album Sweet Baby James.[7] Journalisten Peggy Mulloy Glad ser det som eit døme på korleis Taylor kan bruka vokalen sin og gitarspelet sitt til å «kommunisera smerta, melankolien og ønska som dei fleste opplever, men få kan uttrykkja.»[8] Musikkforskaren James Perone forklarer at eit av verkemidla til Taylor for å oppnå dette er at «nokre av dei melodiske tonane berører og dveler ved dei øvre forlengingane av akkordane». Han forklarer at dette kan høyrast som milde dissonansar, som kan antyda tungsinn. Dissonansane gir òg songen eit jazz-preg, noko som blir forsterka av Danny Kortchmar sitt conga-spel. Perone påpeikar òg at songen bruker mange akkordar som inkluderer tonar utover den vanlege tretonige treklangen.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Musikkjournalisten Dave Thompson skildra songen som «svak.»[1] Men Rudis reknar han som eit «fint drøymande nummer.»[7] Forfattaren Ian Halperin reknar den som den mest dristige songen på Mud Slide Slim.[4] Tretten år etter den første utgjevinga kalla kritikaren Doug Robinson han ei «mindre kjend perle.»[9] Rolling Stone Album Guide-kritikaren Mark Coleman meinte det var den einaste songen på Mud Slide Slim som ikkje var fjollete eller slapp.[2] Cash Box skildra songen som ei «musikalsk perle», og uttalte at den «enkle melodien kling med oppriktigheit og glitrar med den fine produksjonen til Peter Asher. »[10] Taylor sjølv meiner det er «ein sentimental song, men god.»[3]

«Long Ago and Far Away» nådde 31. plassen på Billboard Hot 100 og nådde fjerdeplassen på Billboard Adult Contemporary.[11] Han nådde 12. plassen i Canada, og dessutan niandeplassen den kanadiske Adult Contemporary-lista.[12][13]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Long Ago and Far Away» vart inkludert på samlealbuma The Best of James Taylor og The Essential James Taylor.[14][15] Eit konsertopptak opnar albumet James Taylor Live in Rio.[16]

New York Voices spelte inn «Long Ago and Far Away» på albumet Sketches of James: Selection from the James Taylor Songbook.[17] Johnny Mathis spelte inn songen i 1971 på albumet hans You've Got a Friend.[18][19] Mathis gav òg ut versjonen sin som singel.[20] Billboard Magazine skildra Mathis-versjonen, produsert av Richard Perry, som ein «ballade-skjønnheit» levert «i topp form.»[21]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Thompson, D. (2012). Hearts of Darkness: James Taylor, Jackson Browne, Cat Stevens, and the Unlikely Rise of the Singer-Songwriter. Backbeat Books. ISBN 9781458471390. 
  2. 2,0 2,1 Coleman, M. (1992). DeCurtis, A.; Henke, J.; George-Warren, H., red. The Rolling Stone Album Guide (3. utg.). Straight Arrow Publications. s. 293. ISBN 0679737294. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 White, T. (2009). Long Ago and Far Away. Omnibus Press. s. 8, 185, 190. ISBN 9780857120069. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Halperin, I. (2003). Fire and Rain: The James Taylor Story. Citadel. s. 129. ISBN 978-0806523484. 
  5. Perone, James E. (2018). The Words and Music of James Taylor. Praeger. s. 23. ISBN 9781440852688. 
  6. White, T. (5. desember 1998). «A Portrait of the Artist». Billboard Magazine. s. 16–19. Henta 4. april 2023. 
  7. 7,0 7,1 Rudis, A. (8. mai 1971). «Taylor Keeps Tight Hold on Lullaby Championship». Pittsburgh Post-Gazette. s. 55. Henta 4. april 2023. 
  8. Glad, P.M. (5. juli 1975). «Taylor's Music Easy Soothing». The Milwaukee Journal. s. 14. Henta 4. april 2023. 
  9. Robinson, D. (3. mai 1984). «James Taylor Concerts Better Than Ever». The Deseret News. s. 22. Henta 4. april 2023. 
  10. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box. 25. september 1971. s. 20. Henta 21. mai 2022. 
  11. «James Taylor awards». Allmusic. Henta 4. april 2023. 
  12. «RPM 100 Singles». Library and Archives Canada. 13. november 1971. Henta 4. april 2023. 
  13. «RPM MOR Playlist». Library and Archives Canada. 16. oktober 1971. Henta 3. april 2023. 
  14. Jurek, T. «The Best of James Taylor». Allmusic. Henta 4. april 2023. 
  15. Collar, M. «The Essential James Taylor». Allmusic. Henta 4. april 2023. 
  16. «Live in Rio». Allmusic. Henta 4. april 2023. 
  17. Adler, D.R. «Sketches of James: Selection from the James Taylor Songbook». Allmusic. Henta 4. april 2023. 
  18. Campbell, M. (26. desember 1971). «Some Music for the Over 30 Crowd». Daytona Beach Sunday News-Journal. s. 8D. Henta 11. april 2014. 
  19. Ober, C. (18. oktober 1971). «Mathis–He's Got Some Friends». St. Petersburg Times. s. 8D. Henta 11. april 2014. 
  20. «Billboard Album Reviews». Billboard Magazine. 4. september 1971. s. 22. Henta 4. april 2023. 
  21. «Special Merit Spotlight». Billboard Magazine. 28. august 1971. s. 22. Henta 4. april 2023.