Long Cool Woman in a Black Dress

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Long Cool Woman in a Black Dress
Singel av The Hollies
frå albumet Distant Light
B-side «Look What We've Got»(US)
«Cable Car»(UK)
Utgjeve April 1972[1]
Innspelt 16.–30. juli 1971
AIR Studios, London[2]
Sjanger Swamp rock
Lengd 3:15
Selskap Parlophone (UK)
Epic (US)
Låtskrivar(ar)
Produsent
The Hollies-kronologi
«The Baby»
(1972)
Long Cool Woman in a Black Dress «Magic Woman Touch»
(1972)


«Long Cool Woman in a Black Dress» er ein song skriven av Allan Clarke, Roger Cook og Roger Greenaway og framført av den britiske rockegruppa The Hollies. Songen kom først ut på albumet Distant Light og kom så ut på singel i april 1972 (på Parlophone i Storbritannia),[1] og selde 1,5 millionar eksemplar i USA og to millionar verda over.[3] Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i september 1972. Billboard rangerte songen på 24. plassen på lista si for heile 1972.

B-sida til singelen i Storbritannia var «Cable Car» og i USA «Look What We've Got».

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Dagen då «Long Cool Woman» vart spelt inn i AIR Studios, var produsenten deira, Ron Richards, sjuk, og songen vart derfor produsert av gruppa sjølv. Songen skil seg frå dei fleste andre Hollies-songar. Det er ingen trestemt vokalharmoniar og songen inneheld både sologitar og vokal av Allan Clarke. Då han kom attende miksa Ron Richards innspelinga.[2]

Songen vart skriven i swamp rock-stilen[4][5] til Creedence Clearwater Revival, både songmessig, rytmisk og melodisk. Songen kom ut våren 1972, same året som Creedence vart oppløyst. Clarke imiterte vokalstilen til John Fogerty frå songen «Green River». I følgje Clarke vart songen skriven på kring fem minutt.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I heimlandet Storbritannia vart singelen berre ein moderat suksess, og nådde 32. plassen på singellista. Men han vart ein overraskande kjempehit i USA, der han låg to veker på andreplassen bak Gilbert O'Sullivan sin «Alone Again (Naturally)». Songen gjekk til topps i Australia. På denne tida hadde Clarke alt slutta i bandet, men han meinte det ikkje var «uheldig» sidan han hadde vore med å skrive songen.[2] Clarke kom attende til The Hollies sommaren 1973, dels på grunn av suksessen til denne songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Australia[6] 2
Canada (RPM100 Singles)[7] 1
Nederland (Gfk Top 100 Singles)[8] 21
New Zealand (Listener)[9] 2
UK (UK Singles Chart)[10] 32
U.S. Billboard Hot 100[11] 2
U.S. Cash Box Top 100 [12] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Australia[6] 16
Canada[13] 19
U.S. Billboard [14] 24
U.S. Cash Box [15] 20

I popkulturen og andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ««Long Cool Woman in a Black Dress» single release information». Hollies.co.uk. 2011. Arkivert frå originalen 13. mars 2012. Henta 21. mars 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 The Hollies – Epic Anthology: From the Original Master Tapes Epic Records EGK 46161 liner notes
  3. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2, illustrated utg.). Barrie & Jenkins. ISBN 0-214-20480-4. 
  4. Horowitz, Hal (2014). «The Hollies: 50 At Fifty». American Songwriter. Henta 2015. ) 
  5. Maury Dean (1. januar 2003). Rock and Roll: Gold Rush. Algora Publishing. s. 178. ISBN 978-0-87586-227-9. 
  6. 6,0 6,1 Steffen Hung. «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 2. juni 2016. Henta 21. mars 2018. 
  7. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 21. mars 2018. 
  8. Steffen Hung. «The Hollies - Long Cool Woman». dutchcharts.nl. Henta 21. mars 2018. 
  9. Flavour of New Zealand, 2. oktober 1972
  10. [1]
  11. «The Hollies - Awards». AllMusic. Henta 21. mars 2018. 
  12. «Cash Box Top Singles - 1972». Cashboxmagazine.com. Henta 21. mars 2018. 
  13. «Best of Songar frå 1972 and music, on». Musicandyears.com. 12. november 2010. Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 21. mars 2018. 
  14. «Top 100 Hits of 1972/Top 100 Songs of 1972». Musicoutfitters.com. Henta 21. mars 2018. 
  15. «Cash Box YE Pop Singles - 1972». 50.6.195.142. 30. desember 1972. Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 21. mars 2018. 
  16. «Cover Girl - Phantom, Rocker & Slick | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 21. mars 2018. 
  17. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 50–51. ISBN 0-89820-177-2. 
  18. «Nothin on But the Radio - T.G. Sheppard | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. 18. november 1997. Henta 21. mars 2018. 
  19. Greg Prato (22. juni 2010). «Tattoos & Tequila - Vince Neil | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 21. mars 2018. 
  20. «Primer - Rockapella | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 21. mars 2018. 
  21. «Long Cool Woman in a Black Dress Every Time Played». Phish.net. Henta 21. mars 2018. 
  22. «Remember the Titans (2000) Soundtracks». IMDb.com. Henta 21. mars 2018. 
  23. {{Citation|last=Echevarría|first=Emilio|title=Amores Perros|date=2001-04-13|url=http://www.imdb.com/title/tt0245712/soundtrack?ref_=tt_trv_snd%7Clast2=Bernal%7Clast3=Toledo%7Clast4=Guerrero%7Cfirst2=Gael García|first3=Goya|first4=Álvaro|accessdate=21. mars 2018
  24. «The Lovely Bones (2009 Soundtracks». IMDb.com. Henta 21. mars 2018. 
  25. «Trouble with the Curve (2012) Soundtracks». IMDb.com. Henta 21. mars 2018. 
  26. Jackson, Samuel L.; Larson, Brie; Reilly, John C., Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows (2016), henta 22. mars 2018  Missing |last1= in Authors list (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]