Long Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Long Island i New York)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Long Island (fleirtyding).
Long Island
øy
Land  USA
Del av Storbyområdet New York
Areal 4 463[1] km²
Folketal 7 804 968 (1. januar 2014)
Kart
Long Island
40°48′21″N 73°15′13″W / 40.805805°N 73.253616°W / 40.805805; -73.253616
Wikimedia Commons: Long Island
Fylke på Long Island

Long Island er ei øy i den amerikanske delstaten New York. Ho er rundt 190 km lang og 20–32 km brei, og deler seg i to greiner ved den austlege enden, kjende som North Fork og South Fork.

Vest på øya ligg fylka Kings og Queens, og aust for dei er fylka Nassau og Suffolk.

Geologisk er øya danna av to ryggar av istidsmorenar som hovudsakleg består av grus og laus stein over djupt grunnfjell. Teknisk sett er øya eigentleg ei halvøy skilt frå fastlandet av East River, eit tidvassestuar frå Hudsonelva. Den austre sida av øya er framleis delvis prega av landbruk, og inneheld no mange vingardar i tillegg til tradisjonelle gardsbruk. Fiske er òg ein industri på øya, i landsbyane Northport and Montauk.

Sidan andre verdskrigen har Long Island fått eit stadig større forstadspreg og er i nokre område fullt ut urbanisert. South Fork inkluderer området kjent som The Hamptons, som er ein populær sommarstad for velståande innbyggarar frå New York.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Infoplease.com: Long Island

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Long Island