Hopp til innhald

Long Mountain i Powys

Koordinatar: 52°39′N 3°04′W / 52.650°N 3.067°W / 52.650; -3.067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Long Mountain (walisisk Cefn Digoll) er ein ås aust for Welshpool i Powys i Wales. Det har ei høgd på 408 meter over havet ved Beacon Ring, der det står eit åsfort.

Long Mountain strekkjer seg frå Forden i sørvest til Vennington i Shropshire i nordaust. Det vert stundom rekna som ein del av Breidden Hills.

Det gjekk ein romarveg langs Long Mountain, ein del av ruta frå Uriconium (Wroxeter) til Lavobrinta (Forden Gaer)[1]. Ved sørenden av åsen er det spor etter Offa's Dyke.

Long Mountain er ein marilyn-topp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

52°39′N 3°04′W / 52.650°N 3.067°W / 52.650; -3.067