Longenestinden
Utsjånad
| Longenestinden | |||
| Breitinden, Standalhornet | |||
| fjell | |||
Longenestinden, også kalla Breitinden, 1206 m, sett frå Molladalskaret. Den spisse fortoppen heilt til venstre er Høgenipa 1078 m | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Område | Ørsta (Møre og Romsdal) | ||
| Fjellkjede | Sunnmørsalpane | ||
| Høgd | 1 206 moh. | ||
![]() Longenestinden 62°16′57″N 6°23′25″E / 62.28263°N 6.39023°E | |||
Longenestinden, også kalla Breitinden og Standalhornet (1206 moh.)[1] er eit fjell i Ørsta på Sunnmøre. Fjellet ligg på vestsida av Hjørundfjorden, oppom Longeneset og garden Stavset, nord for Store-Standal-dalen og sør for Ytre-Standal-dalen. Namnet Breitinden har samanheng med at toppen er tverr sett frå nord, og den ruvar også markant sett frå munningen av Hjørundfjorden i nord.
For å kome til toppen startar ein frå kommunevegen over Standaleidet, der ein tar av til Fladalen. Stigninga opp til toppen er bratt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sunnmørsalpane 1999, Statens kartverk
- Strømme, Lars og Ragnar Standal, Hjørundfjordboka band V, side 449, 1993, ISBN 82-991200-5-5
- Standal, Helge J, Jon Hagen og Gunnar Wangen: Fotturar på Sunnmøre, side 167-168, Iriss Forlag, 1999, ISBN 82-992081-2-2
