Longitudinell studie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein longitudinell studie er ein tverrsnittstudie som går over lengre tid, der ein fylgjer dei same observasjonseiningane.[1] Målet er å undersøkja utvikling og endring.[2] Til dømes kan ein undersøkja observasjonseiningar som vert utsette for ein særskild påverknad, ein får dimed eit kvasieksperimentelt element ved forskingsdesignen sin. Ved longitudinelle studiar vert det enklare å få oversyn over hendingsgangen og ein kan koma eit steg nærmare å avklåra kva som er årsaka og kva som er verknaden.

Det vert skilt mellom prospektive og retrospektive longitudinelle studiar:[3]

  • Prospektive: studien byrjar og fylgjer dinest observasjonseiningane over tid.
  • Retrospektive: hentar inn opplysingar om noko som har hendt føre for observasjonstidspunktet. Dette kan avgrensa verdien av informasjonen, t.d. kan minne til informantane vera upålitelege.

Ulemper[endre | endre wikiteksten]

Ein veikskap med longitudinelle studiar er at utvalet kan vera lite samanliknbart om det til dømes i utgangspunktet var skilnad mellom observasjonseiningane som vart utsette for ein påverknad og dei som ikkje vart det. I somme tilfelle kan òg påverknaden som observasjonseiningar vert utsett for smitta over på dei som ikkje vart utsett direkte for påverknaden, dette gjer tala mindre samanliknbare. Somme gongar kan ein òg få systematisk bortfall av observasjonseiningar, til dømes i at det skal testast eit nytt produkt og mange ikkje er nøgde med det og sluttar å nytta det. Ein vil dimed missa data frå dei som ikkje var nøgde, medan dei som er meir nøgde vil verta overrepresentert blant dei som fullfører studien. Vidare kan det vera ei utfordring at sjølve målinga kan ha ein effekt på observasjonseiningane, til dømes kan individa kjenna seg meir nøgde for di forskarane observerer og stiller dei alle mogleg spurdagar om korleis dei har det og dimed får auka trivsel av di dei opplever å verta sett. Dette er ein implikasjon av Hawthorne-effekten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skog, Ole-Jørgen : Å forklare sosiale fenomener - en regresjonsbasert tilnærming, Gylendal Akademiske 2004, s. 74.
  2. longitudinell metode i Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. april 2023.
  3. Skog, Ole-Jørgen : Å forklare sosiale fenomener - en regresjonsbasert tilnærming, Gylendal Akademiske 2004, s. 74–75.