Hopp til innhald

Longueuil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Longueuil
by
Våpenskjold
Land  Canada
Areal 122,90 km²
Folketal 254 483 (2021)[1]
Kart
Longueuil
45°30′51″N 73°26′17″W / 45.514083333333°N 73.438027777778°W / 45.514083333333; -73.438027777778
Wikimedia Commons: Longueuil

Longueuil er ein canadisk by som ligg i provinsen Québec. Byen ligg på sørbreidda av St. Lawrence-elva, på motsett side av Montreal. Han har 254 483 innbyggjarar (2021) og dekkjer eit areal på 122,9 km².

Charles Le Moyne grunnla Longueuil som eit seigneurie i 1657.[2] Staden blei eit sokn i 1845, ein landsby i 1848, by i 1874 og ein storby i 1920.

Co-Cathedral of Saint-Antoine-de-Padoue and Rue St. Charles, Longueuil, QC, about 1910

Ifølgje Abbé Faillon kalla Charles Le Moyne opp Longueuil etter landsbyen Longueil (merk noko ulike stavemåte) som i dag er administrasjonsstad for ein kanton i Dieppe i heimprovinsen Normandie.

Sonen hans, Charles Le Moyne de Longueuil, bygde Fort Longueuil som den befesta bustaden sin. Borga blei bygd av stein mellom 1685 og 1690, og hadde fire tårn.[3]

Det halvføydale seigneurie-systemet enda i 1845, og Longueuil blei gjort om til eit administrativt sokn kalla Saint-Antoine-de-Longueuil.[2] I 1848 blei ein del av soknet skild ut og offisielt erklært som landsbyen Longueuil. Denne landsbyen fekk status som by i 1874, og som storby i 1920.[2]

Byområdet blei utvida i 1961, då Longueil blei slått saman med Montréal-Sud, og igjen i 1969, då han blei slått saman med Ville Jacques-Cartier.[2] Ved begge høva heldt ein på namnet Longueuil for byen.

Byområdet omfattar også elveøya Île Charron og nokre av Boucherville-øyane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Longueuil