Longyearbyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Longyearbyen
by
Våpenskjold
Land  Noreg
Område Svalbard
Areal 242,86 km²
Folketal 2 150  (1. januar 2016)
Lokalstyreleiar Terje Aunevik (V)
 - Nestleiar Celine Ueland Anderssen (H)
Postnummer 9170–9171
Kommunenr. 2100
Kart
Longyearbyen
78°13′0″ N 15°37′0″ E
Wikimedia Commons: Longyearbyen

Longyearbyen er administrasjonssenteretSvalbard og hadde over 2150 innbyggjarar per 1. januar 2016. I 2001 utførte folk busett i Longyearbyen over 1 300 årsverk. I 2006 vart det feira at byen var 100 år. 10. juni 2006 blir rekna som sjølve jubileumsdagen. Då var det hundre år sidan arbeidarar frå the Arctic Coal Company kom til området med material til det som skulle verta dei første overvintringsbustadene.

Samfunnsstruktur[endre | endre wikiteksten]

Longyearbyen var tidlegare eit mannsdominert gruvesamfunn, men har dei siste åra utvikla seg i retning av ein 'normal' fastlandsby med ein stadig større del kvinner og barn. Byen har eigne barnehagar, eigen skole og au ein vidaregåande skole. Framleis er det trass i dette ein mindre del barn, ungdom og eldre enn på fastlandet, der nesten annakvar innbyggjar er under 20 eller over 65 år. På Svalbard utgjer innbyggjarane under 20 eller over 65 år berre kring 25 % av dei som bur der.

Dei norske på Svalbard er registrert i Folkeregisteret i sine 'heimkommunar' på fastlandet. I desse kommunane har dei alminneleg røysterett ved val.

Om lag halvdelen av dei som bur i Longyearbyen har heimkommunar i dei fire nordlegaste fylka. Det er populært å søkja seg til Svalbard, og dei yrkesaktive er særs godt kvalifiserte.

Frå 1. januar 1995 vart det oppretta eit eige folkeregister for Svalbard. Ved innreise til og avreise frå Svalbard i tillegg til ved intern flytting på Svalbard, pliktar alle å melda frå til registeret. Arbeidsgjevarar har plikt til årleg å senda Svalbard Likningskontor eit oversyn over tilsette som bur på Svalbard.

Utsyn over Longyearbyen. Biletet er teke frå toppen til høgre på biletet under.
Longyearbyen sett frå Hiorthfjellet, mot sør.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden vart oppretta i 1906 av John Munroe Longyear (1850–1922). Han var den største eigaren i gruveselskapet The Arctic Coal Company. Selskapet hadde hovudkvarter i Boston i Sambandsstatane. Gruvene og tettstaden vart i 1916 kjøpt av Store Norske Spitsbergen Kulkompani.

Longyearbyen vart øydelagd av tyske styrkar den 8. september 1943 og bygd opp att etter andre verdskrigen.

Den siste gruva som blei driven for hand, Gruve 3, blei stengd på 1990-talet.

I 2006 blei 100-årsjubileet feira på fleire måtar.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare gruva Gruve 3 er no staden for Nordens genbank.

Gruvedrift[endre | endre wikiteksten]

Det er berre drift i ei gruve i Longyearbyen, Gruve 7. I underkant av 50 personar er sysselsette der (2018).[1] Gruva ligg nesten ei mil aust for byen, og kolet blir transportert med lastebil til hamna i Longyearbyen. Gruva er fullstendig mekanisert.

Høgare utdanning[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1993 blei Universitetsstudia på Svalbard (UNIS) starta opp. UNIS har sidan bytta namn til Universitetssenteret på Svalbard, og har sidan starten ikkje vore eit sjølvstendig universitet, men vore drive som ei stifting av universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Her kan studentar ta utdanning på bachelor- og masternivå i arktisk biologi, arktisk geologi, arktisk geofysikk og arktisk teknologi. UNIS har ein høg internasjonal profil, og alle kurs er tilbode på engelsk dersom ein av studentane ikkje forstår norsk. Talet på studentar er aukande, og om lag halvparten er frå Noreg. Av dei utanlandske er over halvparten frå Norden. I 2005 blei UNIS-bygget utvida til over dobbel storleik og omgjort til ein del av Svalbard forskningspark. Forskingsparken blei offisielt opna 26. april 2006.

Media[endre | endre wikiteksten]

  • Svalbardposten er gitt ut sidan 1948. I 2011 kjem han ut kvar fredag, 50 utgåver i året. Redaktøren blir tilsett på åremål, og i 2011 har Birger Amundsen denne stillinga. Avisa har fleire abonnentar på fastlandet enn på Svalbard, og blir trykt i Tromsø.
  • Longyearbyen.net er ein nettstad som automatisk søkjer gjennom alle avisene etter svalbardrelaterte nyhende.
  • Longyearbyen TV er kabel-TV-selskapet i Longyearbyen. Hausten 2005 tok MTG Svalbard over kabelnettet og vidareførte drifta. Dei har òg serviceverkstad for radio og fjernsyn.

Helsestell[endre | endre wikiteksten]

Longyarbyen sjukehus blei 1. januar 2002 ei avdeling ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Det har primær- og spesialisthelsetenester, tannlege, fysioterapi, bedriftshelseteneste og jordmor/helsesøster. Svangerskaps- og eldreomsorg blir ikkje gjeve på Svalbard og fødslar skjer på fastlandet.

Turistnæring[endre | endre wikiteksten]

Saman med høgare utdanning er turistnæringa ei vekstnæring i Longyarbyen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Longyearbyen