Loo-vind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vegen Loo følgjer (oransje piler) frå opphavet i ørkenen og over Det nordindiske låglandet i India og Pakistan.

Loo (hindi: लू, urdu: لو, punjabi: ਲੂ) er ein kraftig, tørr og varm vind som opptrer på ettermiddagen om sommaren over den vestlege delen av Det nordindiske låglandet i Nord-India og Pakistan.[1] Han vert særleg kraftig i mai og juni, og på grunn av dei særs høge temperaturane han medfører (45 °C–50 °C), kan dette stundom føre til dødelege heiteslag.[1]

Opphav og avslutting[endre | endre wikiteksten]

Loo-vinden oppstår hovudsakleg i dei store ørkenområda nordvest på det indiske subkontinentet: Thar, Cholistan og ørkenområdet i sørlege Balutsjistan.[2]

Vinden tek slutt på seinsommaren, då han blir avløystav monsunen. I nokre delar av Nord-India og Pakistan kan ein ha korte, men valdsame støvstomarmar kjende som Kali Andhi ('svart storm') før monsunen tek til.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 S.V.S. Rana (2007), Essentials of Ecology and Environmental Science, Prentice Hall of India, ISBN 8120333004, ... In the plains of northern India and Pakistan, sometimes a very hot and dry wind blows from the west in the months of May and June, usually in the afternoons. It is known as loo. Its temperature invariably ranges between 45 °C and 50 °C. People, when exposed to loo ... 
  2. Phani Deka (2006), Geography: Physical and Human, New Age International, ISBN 81-224-1912-7, ... In north India, the hot wind of Thar desert that blows during early summer is called Loo ... 
  3. Andhi (Kali Andhi), WeatherOnline, henta 2009-06-21, ... The Kali Andhi, or black storm is a violent, squally dust storm [sic] in late spring in north-western India. The Andhi heralds the imminent arrival of the monsoon ...