Look into the Future

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Look into the Future
Studioalbum av Journey
Språk engelsk
Utgjeve 1. januar 1976
Innspelt CBS Studios, San Francisco i California, august til oktober 1975
Sjanger Progressiv rock, jazzfusion[1]
Lengd 41:50
Selskap Columbia
Produsent Journey and Glen Kolotkin
Journey-kronologi 
Journey
(1975)
Look into the Future Next
(1977)


Singlar frå Look into the Future
  1. «On a Saturday Nite»
    Utgjeve: Mars 1976
  2. «She Makes Me (Feel Alright)»
    Utgjeve: Juli 1976
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2/5 stars[1]

Look into the Future er det andre studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Journey. Det kom ut i januar 1976 på Columbia Records.

Det andre albumet til Journey var ikkje så prega av progressiv rock som det første, og var meir fokusert.[1] Trass i dette har Look into the Future noko av det eksperimentelle aspektet som debutplata hadde,[1] særskild tittelsporet og «I'm Gonna Leave You». Albumet inneheld ein coverversjon av The Beatles-songen «It's All Too Much» frå filmen Yellow Submarine. Tittelsporet var den lengste songen Journey spelte inn fram til 1980, då «Destiny» frå Dream, After Dream vart spelt inn.

Gitaristen George Tickner slutta i bandet etter å ha skrive to songar for albumet, og attende var Gregg Rolie (solovokal/klaverinstrument), Neal Schon (gitar), Ross Valory (bass) og Aynsley Dunbar (trommer).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«On a Saturday Nite»Gregg RolieRolie4:01
2.«It's All Too Much»George HarrisonHarrison4:06
3.«Anyway»RolieRolie4:12
4.«She Makes Me (Feel Alright)»Alex Cash, RolieNeal Schon3:13
5.«You're on Your Own»RolieGeorge Tickner, Schon5:55
Side to
Nr.TittelTekstMusikkLengd
6.«Look into the Future»Diane Valory, RolieSchon8:13
7.«Midnight Dreamer»RolieSchon5:14
8.«I'm Gonna Leave You»RolieSchon, Rolie, Tickner7:01

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon
  • Glen Kolotkin – medprodusent, lydteknikar
  • Mark Friedman – lydteknikar
  • George Horn – mastering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]