Lord Burgess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lord Burgess
Fødd 28. juli 1924
New York by

Irving Louis Burgie (fødd 28. juli 1924),[1] betre kjend som Lord Burgess, er ein barbadisk-amerikansk musikar og låtskrivar fødd i Brooklyn i New York. Han er særleg kjend for songane «Jamaica Farewell» og «Day-O (The Banana Boat Song)», men skreiv også nasjonalsongen til Barbados, «In Plenty and In Time of Need».[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Burgie si mor var frå Barbados medan faren var frå Virginia i USA.[3]

Han var soldat under andre verdskrigen, og tente i Kina, Burma og India i nesten tre år.[3] Takka vere G.I. Bill kunne han studera som veteran etter krigen, og studerte musikk ved Juilliard School of Music, University of Arizona og University of Southern California.[3] Opphavleg song han klassisk musikk som lieder og opera, men i takt med oppsvinget for folkemusikk fatta han interesse for sine eigne musikalske røter.[3] Han byrja synga og spela i klubbar i New York og Chicago under artistnamnet «Lord Burgess».[4] I 1954 blei han høyrd av ein tekstforfattar for fjernsynsprogrammet til Harry Belafonte, og dei to fekk eit fruktbart samarbeid.[3]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Burgie skreiv 34 songar for Belafonte, mellom dei åtte av dei elleve songane på Belafonte-albumet Calypso (1956), som nådde førsteplassen på Billboard-lista.

Ein av desse var «Jamaica Farewell», ein mentosong inspirert av jamaikansk folkemusikk. Songen er blitt spelt inn av Harry Belafonte, Jimmy Buffett, Carly Simon og andre. «Day-O (The Banana Boat Song)» var inspirert av arbeidssongane han høyrde frå jamaikanske hamnearbeidarar.[3] I 1955 skreiv Burgie og William Attaway ein versjon av teksten til «Banana Boat Song» for Colgate Comedy Hour. Denne blei framført av Belafonte, og er truleg den best kjende versjonen av songen.

Burgie skreiv også tekstar for Kingston Trio, som «The Seine», «El Matador» og «The Wanderer», og for andre artistar.[4]

Burgie skreiv tekst og musikk til Off-Broadway-musikalen Ballad for Bimshire i 1963. Han var også medforfattar av boka med Loften Mitchell. Oppsettinga hadde debut på Mayfair Theater 15. oktober 1963 og hadde 74 førestillingar.

Sjølv om Burgie ikkje slutta å framføra musikk, konsentrerte han seg mest om låtskrivinga.[3] Han spelte først inn eit eige heilt album i 1996, Island in the Sun.[3]

Totalt er det selt over 100 millionar kopiar av songar skrivne av Burgess.[2] Han blei teken inn i Songwriters Hall of Fame i 2007.[4]

Familie[endre | endre wikiteksten]

I 1956 gifta han seg med Elizabeth Turner (1930-2003) frå Virginia. Paret fekk to søner, Irving Jr. og Andrew.[5]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Island in the Sun: The Songs of Irving Burgie, Angel 52222, 1996
  • The Father Of Modern Calypso, VLT-15170, 2003[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]