Lorentz Holmgren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lorentz Holmgren
Fødd 3. mai 1842

Kvalsund

Død 19. mars 1909
Hammerfest

Lorentz Jakob Pareli Holmgren (3. mai 184219. mars 1909) var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Kvalsund i Finnmark. Han representerte HøgreStortinget.

Holmgren var son til ein fiskar og gardbrukar. Sjølv gjekk han Tromsø Seminarium, eksamen 1861. Åra 1861-64 var han lærar i bygdene kring Hammerfest. Perioden 1864 til 1875 var han lærar i Kistrand, medan han 1875-87 var lærar i Bossekop. Frå 1887 var han styrar for folkeskulen i Hammerfest og kyrkjesongar i byen. Då lagmannsrettane kom i gang, fungerte han som rettstolk i samisk og finsk språk.

Holmgren var ordførar i Kistrand 1869-73 og i Alta 1878-82. Han var 1870-72 medlem av forlikskommisjonen i Kistrand og 1885-87 i Alta. I Alta var han sparebankdirektør og frå 1889 medlem av bystyret i Hammerfest.

Holmgren var 1. representant frå Finmarkens amt på Stortinget 1886-88, medlem av vegkomiteen. Perioden 1892-94 var han varamann for krinsen Hammerfest, Vardø og Vadsø.

Han døydde i Hammerfest i 1909.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]