Lorenzo Costa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giovanni II Bentivoglio og familien hans, 1488

Lorenzo Costa (14605. mars 1535) var ein italiensk målar under renessansen. Han vert rekna til både Bologna-skulen og Ferrara-skulen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Costa var fødd i Ferrara, der han skal ha vore elev av Cosimo Tura og Francesco del Cossa. I 1483 flytta han til Bologna. Same året måla han meisterstykket Madonna og barnet med Bentivoglio-familien og andre freskar på veggene i Bentivoglio-kapellet i San Giacomo Maggiore.

I Bologna var Costa elev og seinare medarbeidar til Francesco Francia, ein målar som han sjølv skulle kome til å påverke mykje. Costa arbeidde saman med Francia for familien Bentivoglio i Bologna og måla portrett og religiøse motiv. Costa reiste i 1509 til fyrstehoffet i Mantova. Dei mest kjende arbeida hans frå tida i Mantova er to mytolgiske måleri, baster på teiningar av Andrea Mantegna. Costa arbeidde ved hoffet til han døydde i byen i 1535.

To av sønene hans var også målarar, men det er sonesonen Lorenzo Costa den yngre som er han nærast i ry.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]