Loretta Lynn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loretta Lynn

Fødd14. april 1932
FødestadButcher Hollow
Død4. oktober 2022 (90 år)
DødsstadHurricane Mills
FødenamnLoretta Webb
OpphavUSA
Aktivdesember 1959–2022
Sjangercountry, honky tonk, gospel
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapDecca Records, Zero Records
Verka somsongar og låtskrivar, gitarist, fiolinist, plateartist, manusforfattar
Gift medOliver Lynn
PrisarGrammy Award for Best Country Performance by a Duo or Group with Vocal, American Music Award for Favorite Country Band/Duo/Group, American Music Award for Favorite Country Female Artist, American Music Award for Favorite Country Band/Duo/Group, American Music Award for Favorite Country Female Artist, American Music Award for Favorite Country Band/Duo/Group, stjerne på Hollywood Walk of Fame, American Music Award of Merit, Kennedy Center Honors, Kentucky Women Remembered, Grammy Award for Best Country Album, Grammy Award for Best Country Collaboration with Vocals, Americana Award for Artist of the Year, Grammy Lifetime Achievement Award, Presidentens fridomsmedalje, Americana Lifetime Achievement Award for Songwriting, Willie Nelson Lifetime Achievement Award

Loretta Lynn (fødd Webb, 14. april 19324. oktober 2022) var ein amerikansk countrysongar og låtskrivar som oppnådd fleire gullplater i ein karriere på 60 år. Ho var kjend for hittar som «You Ain't Woman Enough (To Take My Man)», «Don't Come Home A-Drinkin' (With Lovin' on Your Mind)», «One's on the Way", «Fist City» og «Coal Miner's Daughter». Sistnemnde var også tittelen på ein biografisk film om Lynn frå 1980.

Lynn vann fleire prisar og heiderstilvisingar for den banebrytande rolla si i countrymusikk, mellom anna frå Country Music Association og Academy of Country Music både for duettar og som soloartist. Ho er den mest prisvinnande kvinnelege countryartisten og den einaste ACM Artist of the Decade, for 1970-talet. Lynn fekk 24 singlar på førsteplassen på hittlista og 11 album på førsteplassen på albumlista. Ho fortsette å turnera, opptre på Grand Ole Opry og gje ut nye album i høg alder.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lynn blei fødd som Loretta Webb i Butcher Hollow i Kentucky i 1932. Ho var det andre barnet og den første dottera til Clara Marie «Clary» (f. Ramey, 1912–1981) og Melvin Theodore «Ted» Webb (1906–1959). Ted var kolgruvearbeidar og sjølvbergar.[1] Lynn og syskena var av irsk og cherokee-avstamming.[2] Ho blei kalla opp etter filmstjerna Loretta Young. Dei andre barna i familien var:

  • Melvin «Junior» Webb (1929–1993)
  • Herman Webb (1934–2018)
  • Willie «Jay» Lee Webb (1937–1996)
  • Donald Ray Webb (1941–2017)
  • Peggy Sue Wright (f. Webb; 1943)
  • Betty Ruth Hopkins (f. Webb; 1946)
  • Crystal Gayle (f. Brenda Gail Webb; 1951)

På morssida er Lynn syskenbarn med countrysongaren Patty Loveless (fødd Ramey). Ho er også syskenbarnet til ein tidlegare Miss America-vinnar, Venus Ramey.

Vegen mot stjernestatus[endre | endre wikiteksten]

10. januar 1948 gifta den 15 år gamle Loretta Webb seg med Oliver Vanetta Lynn (1926–1996), også kjend som «Doolittle», «Doo» og «Mooney».[3] Dei hadde møtt kvarandre berre ein månad før.[3] Paret forlet Kentucky og busette seg i tømmerbusetnaden Custer i Washington då Loretta var gravid med det fyrste av dei seks barna deira.[1] Lukka og sorga i dei tidlege åra av ekteskapet skulle koma til å inspirera fleire av songane hennar.[4] I 1953 kjøpte Doolittle ein Harmony-gitar for 17 dollar.[5] Loretta lærte seg sjølv å spela på han, og i løpet av dei neste tre åra utvikla ho gitarspelinga si. Oppmuntra av Doolittle skipa ho sitt eige band, Loretta and the Trailblazers, med bror sin Jay Lee på gitar. Ho opptredde ofte ved Bill's Tavern i Blaine og i Delta Grange Hall i Custer, med Pen Brothers' band and the Westerneers. Ho gjorde si fyrste innspeling, «I'm a Honky Tonk Girl», i februar 1960.

Ho blei del av countrymusikklivet i Nashville på 1960-talet. I 1967 fekk ho sin fyrste hitt på fyrsteplassen.[6] Seinare hittar var «Don't Come Home A-Drinkin' (With Lovin' on Your Mind)», «You Ain't Woman Enough (To Take My Man)», «Fist City» og «Coal Miner's Daughter».[7]

Lynn fokuserte på kvinnespørsmål, med tema som utru ektemenn og elskarinner. Musikken hennar inspirert av vanskar ho sjølv opplevde i ekteskapet. Ho utvida grensene i den konservative country-sjangren ved å synga om prevensjon («The Pill»), mange barnefødslar («One's on the Way»), dobbeltmoral for kvinner og menn («Rated 'X'») og om å bli gjort til enkje av verneplikta under Vietnamkrigen («Dear Uncle Sam»).[8]

Radiostasjonar som spelte countrymusikk nekta ofte å spela musikken hennar, og ni av songane hennar blei bannlyste. Lynn klarte likevel å bli ein av dei legendariske artistane innan country.

Den bestseljande sjølvbiografien hennar frå 1976, Coal Miner's Daughter, blei filmatisert i 1980 til ein oscarvinnande film med same namn som hadde Sissy Spacek og Tommy Lee Jones i hovudrollene. Spacek vann prisen for beste kvinnelege skodespelar for rolla som Lynn. Albumet hennar Van Lear Rose frå 2004 blei produsert avalternativ rock-musikaren Jack White. Lynn og White blei nominerte til fem grammyprisar, og vann to.[9][10]

Lynn har elles vunne fleire prisar innan country- og amerikansk musikk generelt. Ho blei teken med i Nashville Songwriters Hall of Fame i 1983, Country Music Hall of Fame i 1988 og Songwriters Hall of Fame i 2008. I 2010 blei ho æra ved Country Music Awards. I 2013 blei ho tildelt Presidentens fridomsmedalje av president Barack Obama.[11] Lynn har vore medlem av Grand Ole Opry sidan 25. september 1962. Den fyrste opptredenen hennar ved Grand Ole Opry fann stad 15. oktober 1960. Lynn har spelt inn 70 album, mellom dei 54 studioalbum, 15 samlealbums og eitt tributtalbum.[12][13]

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

1960–1966: Tidleg sukess innan country[endre | endre wikiteksten]

Lynn byrja synga i lokale klubbar på slutten av 1950-talet. Seinare skipa ho sitt eige band, The Trailblazers, der broren Jay Lee Webb var med. Lynn vann ei klokke i ei fjernsynsoverført talenttevling i Tacoma i Washington leia av Buck Owens. Lynn sin opptreden blei sett av canadiske Norm Burley, som blei med på å skipa plateselskapet Zero Records, etter å ha høyrd henne synga.[14]

Leiaren for Zero Records Don Grashey, arrangerte ei innspeling i Hollywood der Lynn spelte inn fire av songane sine - «I'm A Honky Tonk Girl», «Whispering Sea», «Heartache Meet Mister Blues» og «New Rainbow». Den fyrste utgjevinga hennar inneheldt «Whispering Sea» og «I'm a Honky Tonk Girl». Lynn skreiv sin fyrste kontrakt 2. februar 1960, med Zero. Ho spelte inn eit album ved United Western Recorders i Hollywood, med Don Blake som audioingeniør og Grashey som produsent.[15][16] Musikarar på songane var stålgitaristen Speedy West,[17] felespelaren Harold Hensely, gitaristen Roy Lanham, Al Williams på bass og Muddy Berry på trommer.[18]

Paret Lynn turnerte gjennom landet for å promotera utgjevinga til country-stasjonar,[14] medan Grashey og Del Roy tok musikken med seg til KFOX i Long Beach i California.[19] Då paret Lynn kom fram til Nashville, var songen blitt ein hitt som nådde 14. plassen på Billboard si Country and Wester-liste, og Lynn byrja laga demoinnspelingar hjå Wilburn Brothers Publishing Company. Gjennom Wilburn oppnådde ho ein kontrakt med Decca Records.[14] Den fyrste Loretta Lynn-fanklubben blei skipa i november 1960. Ved slutten av året lista Billboard opp Lynn som den 4. Most Promising Country Female Artist.[20]

Lynn sitt samarbeid med Wilburn Brothers og opptredenane hennar på Grand Ole Opry frå 1960[21] hjelpte henne til å bli den fremste kvinnelege innspelingsartisten i countrymusikk. Kontrakten hennar med Wilburn Brothers gav dei utgjevingsrettane til verket hennar. Ho kjempa mot Wilburn Brothers i 30 år for å få tilbake utgjevingsrettane til songane sine etter at ho avslutta samarbeidet med dei, utan å lukkast. Ho stoppa å skriva musikk i 1970-åra på grunn av kontraktane. Lynn blei med i The Grand Ole Opry 25. september 1962.[1]

Lynn gav ut den fyrste Decca-singelen sin, Success, i 1962. Han gjekk med ein gong inn på 6. plassen på topplista, og blei den fyrste av fleire topp 10-singlar ho kom til å gje ut i løpet av 1970-talet. Lynn byrja å nå topp 10 jamleg etter 1964, med songar som «Before I'm Over You», som nådde 4. plassen, følgd av «Wine, Women and Song», som nådde 3. plassen. Seint i 1964 spelte ho inn eit duettalbum med Ernest Tubb. Hovudsingelen deira, «Mr. and Mrs. Used to Be», nådde Topp 15. Dei to spelte inn to album til, Singin' Again (1967) og If we Put Our Heads Together (1969). I 1965 heldt solokarrieren hennar fram med tre store hittar, «Happy Birthday», «Blue Kentucky Girl» (seinare spelt inn og gjort til ein hitt av Emmylou Harris) og «The Home You're Tearing Down». Selskapet til Lynn gav ut to album det året, Songs from My Heart og Blue Kentucky Girl.[22]

Den fyrste sjølvskrivne songen til Lynn som nådde Topp 10 var «Dear Uncle Sam» frå 1966, ein av dei fyrste innspelingane til å ta for seg dei menneskelege tapa frå Vietnamkrigen.[1] Hitten hennar frå 1966, «You Ain't Woman Enough (To Take My Man)», gjorde Lynn til den fyrste kvinnelege countryartisten til å skriva ein song som nådde fyrsteplassen på hittlista.[23]

1967–1980: Suksess[endre | endre wikiteksten]

I 1967 nådde Lynn fyrsteplassen på countrylista med «Don't Come Home A-Drinkin' (With Lovin' on Your Mind)».[24] Albumet songen var på, Loretta Lynn Sings, blei eit av dei fyrste av ein kvinneleg countryartist til å selja 500 000 eksemplar.[25]

Det neste albumet til Lynn, Fist City, kom ut i 1968. Tittelsporet blei den andre singelen til Lynn som nådde fyrsteplassen på topplista, og den andre singelen frå album, «What Kind of a Girl (Do You Think I Am)», nådde topp ti. I 1968 gav det neste studioalbumet hennar, Your Squaw Is on the Warpath, to countryhittar på Topp 5, tittelsporet og «You've Just Stepped In (From Stepping Out on Me)». I 1969 blei den neste singelen hennar, «Woman of the World (Leave My World Alone)», den tredje toppsingelen til Lynn, følgd av ein ny Topp 10-singel, «To Make a Man (Feel Like a Man)». Songen hennar «You Ain't Woman Enough (To Take My Man)» blei ein hitt med ein gong, og blei ein av dei mest populære songane til Lynn gjennom tidene. Ho fortsette å ha suksessar inn på 1970-talet, særleg etter den sjølvbiografiske songen «Coal Miner's Daughter», som nådde fyrsteplassen på Billboard Country Chart i 1970. Songen blei den fyrste singelen hennar til å koma inn på Billboard Hot 100, der han nådde 83.-plassen. Ho hadde fleire singlar som nådde dei nedre delane av Hot 100 mellom 1970 og 1975. Songen «Coal Miner's Daughter» gav seinare støytet til den bestseljande sjølvbiografien hennar frå 1976 og den Oscar-vinnande filmen om henne, begge med same tittel.[26]

I 1973 nådde Rated "X" fyrsteplassen på Billboard Country Chart. Denne er rekna som ein av die mest kontroversielle hittane til Lynn. Året etter blei den neste singelen hennar, "Love Is the Foundation" frå albumet med same namn, også ein fyrsteplass-hit på countrylista. Den andre og siste singelen frå dette albumet, "Hey Loretta", nådde topp 5. Lynn fortsette å nå topp 10 fram til slutten av tiåret, mellom anna med "The Pill" frå 1975, ein av dei fyrste songane til å ta opp prevensjonsmiddel. Mange av songane til Lynn var sjølbiografiske, og som låtskrivaren følte ho ikkje at noko emne var forbode, så lenge det var relevant for kvinner.[27] I 1976 gav ho ut sjølvbiografien sin Coal Miner's Daughter, med hjelp frå forfattaren George Vecsey. Boka nådde fyrsteplassen på bestseljarlista, og Lynn var den fyrste countrymusikaren til å nå The New York Times Best Seller list.

Samarbeid med Conway Twitty[endre | endre wikiteksten]

I 1971 byrja Lynn eit profesjonelt samarbeid med Conway Twitty. Som duo hadde Lynn og Twitty fem hittar med topplasseringar mellom 1971 og 1975, som «After the Fire Is Gone» (1971), som dei vann ein grammypris for, «Lead Me On» (1971), «Louisiana Woman, Mississippi Man» (1973), «As Soon as I Hang Up the Phone» (1974) og «Feelins'» (1974). I fire år på rad, 1972–1975, blei Lynn og Twitty utropte til «Vocal Duo of the Year» av Country Music Association. Academy of Country Music utropte dei til «Best Vocal Duet» i 1971, 1974, 1975 og 1976. American Music awards valde dei ut som «Favorite Country Duo» i 1975, 1976 and 1977. Lesarar av Music City News stemte dei fram som den fyrste duette kvart år frå 1971 til og med 1981. I tillegg til dei fem topphittane hadde dei også sju andre hittar på topp ti-lista mellom 1976 og 1981.[6]

Loretta Lynn på turne i 1975

Som soloartist fortsette Lynn med suksessen i 1971, då ho fekk sin femte solohitt på fyrsteplassen, «One's on the Way», skriven av diktaren og låtskrivaren Shel Silverstein. Ho kom også på topplistene med «I Wanna Be Free», «You're Lookin' at Country» og «Here I Am Again», alle frå ulike album. I 1972 var Lynn den fyrste kvinna til å bli nominert til og vinna Entertainer of the Year ved CMA awards. Ho vann Female Vocalist of the Year og Duo of the Year med Conway Twitty, i konkurranse med George Jones og Tammy Wynette og Porter Wagoner og Dolly Parton.[28] I 1973 blei ho den fyrste countrystjerna til å bli avbilda på framsida av Newsweek.[29]

Tributtalbum for Patsy Cline[endre | endre wikiteksten]

I 1977 spelte Lynn inn I Remember Patsy, eit album vigd minnet om vennen hennar Patsy Cline, som hadde omkome i ei flyulukke i 1963. På albumet spelte ho inn sine versjonar av nokre av dei største hittane til Cline. Dei to singlane Lynn gav ut frå albumet, «She's Got You» og «Why Can't He Be You», blei hittar. «She's Got You», som hadde nådd førsteplassen for Cline i 1962, fekk ei ny førsteplassering med Lynn. «Why Can't He Be You» nådde ein sjuandeplasse. Lynn hadde si siste førsteplassering i 1978 med «Out of My Head and Back in My Bed».[30]

I 1979 hadde Lynn to hittar i topp 5, «I Can't Feel You Anymore» og «I've Got a Picture of Us on My Mind», frå ulike album.

1980–1989: Fortsett suksess[endre | endre wikiteksten]

5. mars 1980 hadde filmen Coal Miner's Daughter premiere i Nashville og blei den mest inntenande filmen i USA. I filmen spelte Sissy Spacek Loretta medan Tommy Lee Jones spelte ektemannen hennar, Dolittle «Mooney» Lynn. Filmen blei nominert til sju oscarprisar, som Spacek vann for beste kvinnelege hovudrolle. Lydsporet til han selde til gull og gav ein Grammy-nominasjon til Spacek, prisar frå Country Music Association og Academy of Country Music og fleire Golden Globe-prisar. På 1980-talet hadde ho fleire hittar, som «Pregnant Again», «Naked in the Rain» og «Somebody Led Me Away».[29] Lynn hadde si siste Topp 10-innspeling som soloartist i 1982 med «I Lie», men utgjevingane hennar fortsette å nå topplisten heilt til enden av tiåret.[31]

Ei av dei siste soloutgjevingane hennar var «Heart Don't Do This to Me» (1985), nådde 19. plass og blei hennar siste hitt i Topp 20. Albumet hennar Just a Woman frå 1985 fekk ein hitt i Topp 40. I 1987 song Lynn saman med Kitty Wells og Brenda Leek.d. lang sitt album Shadowland i «Honky Tonk Angels Medley». Albumet selde til gull og blei grammynominert for dei fire kvinnene. I 1988 gav Lynn ut sitt siste soloalbum for eit større plateselskap, Who Was That Stranger. Ho blei teken inn i Country Music Hall of Fame i 1988.[32]

1990–2004: Tilbake til country og sjølvbiografi[endre | endre wikiteksten]

Lynn vende tilbake til offentlegdommen i 1993 med ein hitt-CD, trioalbumet Honky Tonk Angels som var spelt inn med Dolly Parton og Tammy Wynette. Utgjevinga nådde 6. plassen på Billboard sine Country charts, og 42. plassen på Billboard Pop charts. Han hadde ein singel med «Silver Threads and Golden Needles». Det blei selt over 800 000 utgåver av albumet, som blei sertifisert til gull i USA og Canada. Trioen blei nominert til Grammy- og Country Music Association-prisar. Lynn gav ut eit sett med tre CD-ar som tok for seg karrieren hennar ved MCA Records. I 1995 spelte ho inn ein serie på sju veker på Nashville Network (TNN), Loretta Lynn & Friends.[33]

I 1995 blei Loretta Lynn tildelt Pioneer Award ved den 30. utdelinga av Academy of Country Music Awards. Året etter døydde ektemannen hennar, Oliver Vanetta «Doolittle» Lynn, fem dagar før han fylte 70.

I 2000 gav Lynn ut det fyrste albumet sitt på fleire år, Still Country. Ein av songane var «I Can't Hear the Music», som var vigd den avdøde mannen hennar. Ho gav ut den fyrste nye singelen sin på over 10 år med «Country in My Genes» frå dette albumet. Singelen nådde Billboard si Country singles-liste, og gjorde Lynn til den fyrste kvinna med singlar på denne lista i fem ulike tiår.

I 2002 gav Lynn ut den andre sjølvbiografien sin, Still Woman Enough. Denne blei hennar andre bestseljar hjå New York Times, som nådde topp 10. I 2004 gav ho også ut ei kokebok, You're Cookin' It Country.[34]

2004–: Gjenoppliva karriere[endre | endre wikiteksten]

I 2004 gav Lynn ut Van Lear Rose, det andre albumet sitt der ho anten hadde skrive eller vore medskribent på kvar song. Albumet blei produsert av Jack White frå The White Stripes, som også spelte gitar og song bakgrunnsvokal på albumet. Samarbeidet med White gjorde at Lynn fekk mykje ros i blad som tek for seg generell og alternativ rock, som Spin og Blender.[35] Rolling Stone valde ut albumet som det nest beste frå 2004. Det vann grammyprisen for Best Country Album of the Year.[36]

Seint i 2010 gav Sony Music ut eit nytt album, Coal Miner's Daughter: A Tribute to Loretta Lynn, med artistar som Reba McEntire, Faith Hill, Paramore og Carrie Underwood som framførte klassiske hittar av Loretta Lynn frå 50 år. Frå CD-en kom ein Topp 10 musikkvideohitt på GAC med singelen «Coal Miner's Daughter», som Lynn spelte inn med Miranda Lambert og Sheryl Crow. Singelen nådde også singellista til Billboard, og med det blei Lynn den einaste kvinnelege countryartisten til å nå lista i seks tiår.

Lynn opptredde ved Nelsonville Music Festival i Nelsonville i Ohio i mai 2010.[37] Lynn opptredde også ved Bonnaroo Music and Arts Festival i Manchester i Tennessee 11. juni 2011.[38]

I 2012 gav Lynn ut sin tredje sjølvbiografi, Honky Tonk Girl: My Life in Lyrics.[39] Ho bidrog med «Take Your Gun and Go, John» til albumet Divided & United: Songs of the Civil War, som kom ut 5. november 2013.

I november 2015 kunngjorde Lynn utgjevinga i mars 2016 av Full Circle. Albumet blei det 40. av Lynn til å nå topp 10 på Billboard si bestseljarliste for countrymusikk, og debuterte på 19. plass på Billboard Hot 200.[40] Det inneheldt nye songar og klassikarsr, og inkluderte duettar med Elvis Costello og Willie Nelson.[41]

Lynn gav ut julealbumet White Christmas Blue i oktober 2016.[42] I desember same året blei Full Circle nominert til Country Album of the Year ved Grammy Awards.[43]

Album Wouldn't It Be Great, Lynn sitt tredje frå kontrakten hennar for fem album med Legacy Recordings, kom ut i september 2018 etter forseinkingar på grunn av helseproblem. Helsa hennar gjorde også at Lynn måtte avlysa alle turnedatoane sine i 2017.[44][45] Lynn blei utnemnd til Artist of a Lifetime av CMT i 2018.[46]

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Barn og barnebarn[endre | endre wikiteksten]

Loretta og Doolittle «Mooney» Lynn fekk seks barn saman:

  • Betty Sue Lynn (1948–2013)[47]
  • Jack Benny Lynn (1949–984)[47]
  • Clara Marie «Cissie» Lynn (f. 1952)
  • Ernest Ray «Ernie» Lynn (f. 1954)
  • Peggy Jean og Patsy Eileen Lynn (f. 1964; tvillingar kalla opp etter Lynn si syster, Peggy Sue Wright, og vennen hennar Patsy Cline.)

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «WELCOME 2017». Henta 11. februar 2019. 
  2. Whiteley, Jenni. «Country music star Crystal Gayle coming to Fort Hall Oct. 13». Henta 2. januar 2020. 
  3. 3,0 3,1 «AP: Country singer Loretta Lynn married at 15, not 13». USA Today. 18. mai 2012. Henta 19. april 2020. 
  4. Profile Arkivert 2017-10-20 ved Wayback Machine., lubbockonline.com; henta 18. july 2015.
  5. Rhodes, Don (8. juni 2011). «Lynn's road to stardom started with $17 guitar». The Augusta Chronicle. Henta 4. januar 2016. 
  6. 6,0 6,1 «Country Music – Music News, New Songs, Videos, Music Shows and Playlists from CMT». Cmt.com. Henta 11. februar 2019. 
  7. Coal Miner's Daughter. p. 73.
  8. Thanki, Juli. «20 Most Controversial Songs by Women». Engine 145. Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 6. april 2014. 
  9. «Grammy.com». The Recording Academy. Henta 6. april 2014. 
  10. «Loretta Lynn - Love Is The Foundation» (på engelsk). Henta 30. oktober 2018. 
  11. Branigin, William (20. november 2013). «Presidential Medal of Freedom honors diverse group of Americans». Washington Post (på engelsk). ISSN 0190-8286. Henta 17. januar 2018. 
  12. «Discography». LorettaLynn.com. Henta 9. november 2015. 
  13. «Loretta Lynn - Releases - MusicBrainz». musicbrainz.org (på engelsk). Henta 17. januar 2018. 
  14. 14,0 14,1 14,2 "Van Lear Rose" Arkivert 2007-02-06 ved Wayback Machine.; henta 4. februar 2007.
  15. Koch Entertainment Loretta Lynn Biography Arkivert 27. september 2007 ved Wayback Machine..
  16. "Honky Tonk Make Believe", Don Grashy - Co. Joseph Mauro, "MY RAMBLING HEART" (Washington. DC: 1995), p. 45.
  17. Honky Tonk Girl: My Life in Lyrics (2012). pp. 10-11; ISBN 978-0-307-59489-1
  18. PragueFrank's Country Music Discographies, countrydiscography.blogspot.com; mai 2011
  19. "Honky Tonk Make Believe", Don Grashy - Co. Joseph Mauro, "MY RAMBLING HEART" (Washington. DC: 1995), p. 45.
  20. «Most Promising Female Artists of C&W Jockeys». Billboard: 26. 31. oktober 1960. Henta 23. mai 2018. 
  21. Loretta Lynn Arkivert 2016-04-23 ved Wayback Machine.. Country Music Hall of Fame; henta 4. februar 2007.
  22. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. ISBN 0-89820-177-2. 
  23. Loretta Lynn Profile, Country Music Television website; henta 4. mai 2014.
  24. Wolff, Kurt (2000). In Country Music: The Rough Guide. Orla Duane (ed.), London: Rough Guides Ltd. p. 311.
  25. Loretta Lynn profile, MusicianGuide.com; henta 28. april 2008.
  26. Will the Circle Be Unbroken: Country Music In America. Paul Kingsbury & Alanna Nash (eds.) London: Rough Guides Ltd., 2006, p. 251
  27. «Legends: Loretta Lynn Tells All». CBS News. 27. desember 2002. Henta 4. februar 2007. «Her autobiography recounts how once, in a drunken rage, he smashed many jars full of vegetables she had painstakingly canned.» 
  28. «CMA Awards: Archive: 1972». Country Music Association Awards. 9. oktober 2008. Henta 23. november 2016. 
  29. 29,0 29,1 Loretta Lynn biography, Countrypolitan.com; henta 18. april 2008. Arkivert 6. februar 2008 ved Wayback Machine.
  30. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. ISBN 0-89820-177-2. 
  31. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. ISBN 0-89820-177-2. 
  32. Loretta Lynn profile, rollingstone.com; accessed April 18, 2008. Arkivert December 26, 2007, ved Wayback Machine.
  33. Loretta Lynn profile, musicianguide.com; accessed April 19, 2014.
  34. «You're Cookin' it Country». Barnes and Noble. Henta April 8, 2014. 
  35. "Loretta Lynn Recovering From Surgery". CBS News, 8. juni 2006; hent 4. februar 2007.
  36. «Winners: 47th Annual Grammy Awards (2004)». Grammy Awards. Recording Academy. Henta 31. januar 2018. 
  37. "Past Shows" Stuart's Opera House: Nelsonville, Ohio. Stuart's Opera House: Nelsonville, Ohio, n.d. Web. 8. oktober 2012.
  38. «Coal Miners daughter live at bonnaroo». 
  39. Lynn, Loretta (3. april 2012). «Honky Tonk Girl: My Life in Lyrics». Nyjournalofbooks.com. Henta 2. juli 2013. 
  40. «Billboard 200 Chart Moves: Loretta Lynn Earns Her Highest Charting Album Ever With 'Full Circle'». Billboard. Henta 17. mars 2016. 
  41. «Loretta Lynn on New Album Full Circle: 'We Don't Have Real Country Music Anymore'». Henta 2. mars 2016. 
  42. Betts, Stephen L. (September 16, 2016). «Loretta Lynn Plans Holiday Album 'White Christmas Blue'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 20. september 2016. Henta 24. september 2016. 
  43. «Here Is the Complete List of Nominees for the 2017 Grammys». Billboard. 6. desember 2016. Henta 13. januar 2017. 
  44. Tingle, Lauren (14. april 2017). «Loretta Lynn's Wouldn't It Be Great Arrives Aug. 18». CMT News. Henta 16. april 2017. 
  45. «Loretta Lynn: ‘Willie Ain’t Dead Yet and Neither Am I’». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. august 2017. Henta 4. september 2017. 
  46. «Loretta Lynn to Receive 2018 CMT Artist of a Lifetime Award». Taste of Country. 26. september 2018. Henta 19 April 2020. 
  47. 47,0 47,1 «Betty Sue Lynn Dead: Loretta Lynn's Oldest Daughter Dies In Tennessee». The Huffington Post. 30. juli 2013. Henta 3. april 2016.