Loring Park
Utsjånad
| Loring Park | |||
| | |||
| Loringsjøen | |||
| Stad | Minneapolis | ||
|---|---|---|---|
![]() Loring Park 44°58′12″N 93°17′02″W / 44.97°N 93.283888888889°W | |||
Loring Park er den største parken i det sentrale Minneapolis i Minnesota. Han ligg i det sørvestre hjørnet av Minneapolis sentrum, nær Mindekirken. Distriktet rundet parken heiter òg Loring.
Parken
[endre | endre wikiteksten]Parken vart bygd av den amerikanske landskapsarkitekten Horace Cleveland i 1887. Han omfattar ein liten innsjø, Loringsjøen eller Loring Lake, tidlegare Johnson's Lake. Parken heitte opphavleg Central Park, men fekk namnet Loring Park etter den lokale forretningsmannen og park-styraren Charles M. Loring.
Norsk-ætta amerikanarar held si 17. mai-feiring i parken. Denne feiringa vert lagt til den sundagen som fell nærast den 17. mai.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Loring Park» frå Wikipedia på bokmål, og «Loring Park» frå Wikipedia på engelsk den 25. oktober 2018.
