Los Alamos National Laboratory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Los Alamos National Laboratory, flyfoto frå 1995.

Los Alamos National Laboratory (LANL) er eit amerikansk nasjonalt laboratorium i Lós Alamos i New Mexico. Det er eit av dei første tverrfaglege forskingsinstitusjonane i verda, med meir enn 16 000 tilknytte personar i forskjellige funksjonar. Forsking og utvikling skjer innan forskjellige område som kjemi, fysikk, materialteknikk, biologi, matematikk, datateknikk og ingeniørfag. LANL er saman med Lawrence Livermore National Laboratory ein av to stader i USA der det skjer forsking og utvikling av atomvåpen.

LANL vart oppretta som Site Y i 1943 under Manhattanprosjektet. Det sorterer under Energidepartementet og vert drive av selskapet Los Alamos National Security med eit årleg budsjett på rundt 15 milliardar kroner. Forskingssenteret er tilknytt University of California.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Los Alamos National Laboratory