Los Hombres Malo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Los Hombres Malo
Studioalbum av Outlaws
Utgjeve Mars 1982
Sjanger Southern rock
Lengd 39:32
Selskap Arista
Produsent Gary Lyons
Outlaws-kronologi 
Ghost Riders
(1980)
Los Hombres Malo Soldiers of Fortune
(1986)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars [1]

Los Hombres Malo er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Outlaws. Det vart gjeve ut i 1982 på Arista Records og er det første albumet deira utan låtskrivaren og gitaristen Billy Jones, som fekk sparken som følgje av alkoholproblem. Bandet vart dermed ein kvartett og mista dermed særpreget sitt med tre sologitaristar.[1]

Allmusic skreiv om albumet: «Los Hombres Malo har respektable augneblink, men er eit tydeleg teikn på at Outlaws var på veg inn i trøbbel sidan dei brukte låtskrivarar utafrå, som Jim Peterik og Sammy Hagar. Det var berre to årsaker til dette: Plateselskapet ønskte hitsinglar, eller bandet gjekk tom for drivstoff, eller kanskje ein kombinasjon av begge. Outlaws vart oppløyst etter Los Hombres Malo, men kom saman att - med den originale vokalisten og gitaristen Henry Paul attende - og gav ut Soldiers of Fortune fire år seinare.» [1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Don't Stop»Salem5:03
2.«Foxtail Lilly»Thomasson4:32
3.«Rebel Girl»Peterik, Smith4:27
4.«Goodbye»Salem4:29
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Back from Eternity»Thomasson4:30
6.«Won't Come Out of the Rain»Cua, Cua, DeRollo, Lyons4:03
7.«Running»Russo4:25
8.«Easy Does It»Cua, DeRollo3:32
9.«All Roads»Hagar, Peterik4:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Gjestearitstar
  • Dave Lane - fele, fiolin
  • Carol Bristow - vokal, korvokal
  • Lu Moss - vokal, korvokal

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsent: Gary Lyons
  • Lydteknikarar: Gary Lyons, Pete Thea
  • Assistant lydteknikar: Les Horn, Phil Bonanno
  • Mastering: George Marino
  • Kunstnarisk leiar: Neal Pozner
  • Design: Neal Pozner
  • Illustrasjon: Bob Peak

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1982 Pop Albums 77

Kjelder[endre | endre wikiteksten]