Los Nevados

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 8°27′41″N 71°4′30″W

Denne artikkelen handlar om den administrative eininga og landsbyen i Venezuela. For nasjonalparken i Colombia, sjå Los Nevados nasjonalpark.
Los Nevados, Merida, Venezuela.jpg

Los Nevados er eit av 15 sokn (spansk parroquia) som saman med byen Mérida i Venezuela gjer ut for kommunen Libertador i delstaten Mérida i Venezuela. Namnet kjem frå isbreane som tidlegare dekte dei nærliggande fjelltoppane León, Toro og Espejo. Is og permanent snø kom bort mot slutten av 1960-talet. Dette er eit landbruksområde, der dyrking av potetar, mais, kveite og kvitlauk framhevar seg. Folkesetnaden i soknet talde 516 personar i 2011.[1]

Landsbyen Los Nevados blei grunnlagd i 1591. Han ligg i sørlege utkanten av soknet med same namn, og han ligg innanfor, og i vestre del av nasjonalparken Sierra Nevada. Landsbyen ligg ved foten av fjellet Toro i ei høgd på ca. 2710 moh. Hovudnæringa er i dag turisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Resultados por Entidad Federal y Municipio del Estado Mérida» (PDF). Instituto Nacional de Estadística. Henta 13. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Los Nevados