Losnedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Losnedal
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Solund
Postnummer 6926 KRAKHELLA[1]
Gardnummer 63[2]

Losnedal eller Losnedalen er ein gard på øya Losna i Solund kommune i Sogn og Fjordane. Garden har matrikkelnummer 63 i Solund.[2] Fram til og med 1963 høyrde Losna til Gulen kommune og der hadde Losnedal matrikkelnummer 2.[3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Losnedal ligg i ein ca. to kilometer lang trong dal som går nordover frå sørkysten av Losna. Det er to bruk på garden, Nedre Losnedalen ligg nær sjøen, medan Øvre Losnedalen ligg 600-700 meter oppe i dalen.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Losnedal har truleg vore busett sidan langt attende i tid, det syner jordfunna som er gjorde. I 1942 vart det funne to flintdolkar på bruk ein, og i 1843 fann ein ein bronsegjenstand i ei tuft på same bruket. I matrikkelen frå 1667 var skulda til garden ½ laup smør og skatten i pengar 1¼ riksdalar. Det var ti naut på garden og utsåd var to tønner havre medan avlinga var sju tønner. Det var då to brukarar på garden. I 1723 var det berre ein brukar og matrikkelskulda var auka med fire merker smør frå 1 pund 18 merker smør. Utsåd var 1½ tønne havre og avling var sju tønner og ei skjeppe. Av buskap var det ein hest, ni naut og åtte sauer og geiter.[3][4]

Losnedal fekk elektrisk straum innlagt i 1958.[3] Garden har ikkje vegsamband. Bruka er nedlagde, bruk ein har vore det sidan 1981 og bruk to sidan 1983.[3]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Frå først var namnet truleg berre «Dalen».[3] I 1667 vart namnet skrive «Dallen», i 1723 «Losnedal».[5]

Statens kartverk har godkjend skrivemåtane «Øvre Losnedalen» (1975) og «Losnedalen, øvre» (1986), og «Nedre Losnedalen» (1975) og «Losnedalen, nedre» (1986).[6]

Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn vert det skrive «Losnedal».

Gardsnamet er ikkje kjend frå andre stader i landet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 9. november 2010. 
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 9. november 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Ivar Kleiva (1996). «Gnr. 2. Losnedal». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 25. 
  4. Ivar Kleiva (1996). «Føreord». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 5.  [Opplysningane i matriklane er lite etterrettelege. Dei skulle gje grunnlag for utrekning av skatt, og ved samanlikning av matrikkelopplysningane med skifteprotokollar frå same tidsrom ser ein at det i stor grad vart underrapportert, venteleg i von om å få mindre skattebør. Opplysningane om storfe er nokolunde rette, men anna, som småfe, fiske, skog og anna utmarka måtte gje, er ofte unemnt i matrikkelen. Matrikkelopplysningane har likevel interesse, sidan me ikkje har andre kjelder som gjev heile biletet.]
  5. «Oluf Rygh: «Losnedalen» i Norske Gaardsnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Henta 9. november 2010. 
  6. «yr.no». Henta 9. november 2010. 

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Kleiva: «Gnr. 2. Losnedal» i Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga. Band I, side 25-30.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]