Lossi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lossi er ein norsk jultetradisjon frå Dalane og Strand kommune på Sørvestlandet som minner om luciafeiring, julebukk og til dels halloween. Lossi blir som regel feira 12. desember, natt til den 13., som blei rekna som den lengste natta i året.

Frå gamalt av har folk i Dalane og Strand kledd seg ut for å «skremma Lossi», ei slags vette. Dette blei gjort ved å kle seg ut, som troll eller hekser, med sot i fjeset eller kvite sekkar, og gå frå gard til gard for å skremma folk eller be om gåver. I eldre tid var vaksne folk med på å gå Lossi, men på 1900-talet blei skikken stort sett teken over av ungar. Ein kunne også bruka hestar til å skremma med. Lossiskikken skulle skremma vekk det vonde og gåvene var meint som ein slags lukkebringande offer.

Sokndal har tradisjonelt hatt lossitog. I moderne tid minner lossiskikken mykje om julebukk elles i landet. Utkledde ungar går frå dør til dør, syng julesongar og får godteri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]