Lothal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Lothal (લોથલ)
none
Land Flag of India.svg India
Stat Gujarat
Distrikt Ahmedabad
Stad Saragwala
Periode Induskulturen
Grunnlagd Ca. 2400 f.Kr.
Utbreiinga og større funnstader for Indussivilisasjonen. Lothal ligg søraust i området.
Utbreiinga og større funnstader for Indussivilisasjonen. Lothal ligg søraust i området.
Wikimedia Commons: Lothal

Lothal (લોથલ loˑt̪ʰəl) er ein av dei større ruinbyane etter Indussivilisasjonen og stammar fra rundt 2400 f.Kr. Staden ligg nær den noverande landsbyen Saragwala i Bhal-regionen i den indiske delstaten Gujarat, om lag 8 mil sørvest for delstatshovudstaden Ahmedabad.

Indusdalsegl og ein stor modell av eit avtrykk.

Ruinane blei oppdaga i 1954 og først grovne ut frå 1954-1955 til 1962-63 av Archaeological Survey of India (ASI), det offisielle indiske fortidsminnebyrået. Det er bygd eit arkeologisk museum ved sidan av utgravingsområdet som viser fram nokre av dei viktigaste indusdalfunna frå India.

Strukturar[endre | endre wikiteksten]

Hamna eller bassenget i Lothal.

Lothal huser ruinane av ei stor hamn eller eit basseng med mål på 37 ganger knappe 22 meter. Strukturen ligg ved det gamle leiet til elva Sabarmati, som sidan har endra kurs. Via elva hadde innbyggjarane i Lothal handelssamband med Det indiske havet, og det er funne prov på handel med stader i Persiabukta, og gjennom dei truleg også Det gamle Egypt og Mesopotamia.

Bygningane i byen, mellom anna ein lagerbygning med 64 rom nær hamna, låg litt høgare enn elvesletta rundt, og var omgjeven av ein bymur. Ein høgareliggjande del av byen ved varehuset har hus med private bad og eit omfattande avløpssystem. Den lågareliggande delen av byen husa handverkarar som gull- og koparsmedar og tilverkarar av skjel og perler.[1]

Utanfor bymuren, i nordvest, låg ein gravplass. Det er identifisert 22 gravstader her, kvar forma som eit rektangel med nord-vest-orientering.[1]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Lothal ligg seks kilometer søraust for jernbanestasjonen Lothal-Bhurkhi på jernbanelinja Ahmedabad-Bhavnagar. Han har også vegsamband med Ahmedabad (85 km), Bhavnagar, Rajkot og Dholka. Dei næraste byane er Dholka og Bagodara.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Lothal blei funne i 1954 under ei arkeologisk utforsking byrja av Archaeological Survey of India etter delinga av Britisk India i 1947. Delinga medførte at dei fleste kjende indusdalstadene, mellom anna Harappa og Mohenjo-daro, gjekk til Pakistan. Lothal ligg 27 mil frå Mohenjo-daro.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Excavations – Important – Gujarat». Archaeological Survey of India. http://asi.nic.in/asi_exca_imp_gujarat.asp. Henta 7. april 2014.. 
  2. Robert W. Bradnock, Anil Mulchandani. Rajasthan and Gujarat Handbook: The Travel Guide (PHP). Footprint Travel Guides. s. 276. ISBN 1-900949-92-X. Henta 2006-10-26. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]