Lothar Matthäus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lothar Matthäus
6423 Lothar Matthäus.JPG
Fødd 21. mars 1961
Erlangen
Lothar Matthäus

Lothar Herbert Matthäus, òg kalla «Loddar», (fødd 21. mars 1961 i Erlangen i dåverande Vest-Tyskland) er ein tysk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar.

Lothar Matthäus var lagkaptein og spelemotor i Vest-Tyskland sitt fotballlandslag som vann VM i fotball 1990 i Italia. Matthäus scora fire mål under turneringa og vart same år kåra til verdas beste fotballspelar. Matthäus har spela ytterlegare fire VM-turneringar. Han har dessutan rekorden for antalet VM-kampar (25). Han har den tyske rekorden for landskampar med sine 150 A-landskampar.

Lothar Matthäus var under 1980- og 1990-talet ein sentralfigur i det vesttyske og seinare det tyske fotballandslaget og sine klubblag FC Bayern München og FC Internazionale.

Matthäus har hatt ein del kontroversar med lagleiing og lagkamratar, som under ei tid heldt han utanfor landslaget.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • A-landskampar: 150 (23 mål) (1980-2000)
  • VM i fotball: 1982, 1986, 1990, 1994, 1998 (delt rekord)
    • VM-kampar/mål: 25/6 (1982: 2/0 1986: 7/1 1990: 7/4 1994: 5/1 1998: 4/0)
    • VM-medaljar: 1 gull (1990), 2 sølv (1982, 1986)
  • EM i fotball: 1980, 1984, 1988, 2000
    • EM-kampar/mål: 11/1 (1980: 1/0 1984: 3/0 1988: 4/1 2000: 3/0)
    • EM-medaljar: 1 gull (1980)
  • Årets europeiske spelar: 1990
  • Årets tyske spelar: 1990, 1999
  • Tysk meister: 1985, 1986, 1987, 1994, 1997, 1999, 2000
  • DFB-pokal: 1986, 1998, 2000
  • Italiensk meister: 1989
  • UEFA-cupmeister: 1991, 1996

Klubbar[endre | endre wikiteksten]

Trenarkarriere[endre | endre wikiteksten]