Lotharingia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delinga av det karolingske riket. Lotharingia i fiolett i midten, Vestfrankarriket i raudt til venstre og Austfrankarriket i grønt til høgre.

Lotharingia (latin Lotharii regnum) var eit kongedøme i Vest-Europa i tidleg mellomalder som følgde det karolingske riket. Det omfatta dagens Nederland, Belgia, Luxembourg, dei tyske forbundsstatane Nordrhein-Westfalen ( Rheinland-Pfalz og Saarland og Lorraine i Frankrike.[1] Det har namn etter Lothar II, som arva dei midtre delane av Frankarriket og deler av Italia etter far sin, Ludvig I. Då Lothar døydde i 855 blei riket hans delt mellom sønene.[2] Dette kunstferdige riket eksisterte frå 855 og til byrjinga av 900-talet.

Lotharingia blei skapt ut av den tredelte oppdelinga i 855 av Mellomfrankarriket, som i seg sjølv var danna av ei tredeling av det karolingske riket ved traktaten i Verdun i 843. Dei to andre rika var Austfrankarriket og Vestfrankarriket, og konfliktar mellom desse to over Lotharingia hadde bakgrunn i at desse var dei gamle frankiske heimlanda til Austrasia, og styre over dei hadde stor prestisje. Ettersom Lotharingia mangla ein enkel historisk eller etnisk identitet, var ein usikre på kva ein skulle kalla riket i samtida. Det ble derfor kalla regnum quondam Lotharii eller Lotharii regnum ('kongedømmet [til] Lothar'). Det er opphav til det moderne nederlandske namnet på provinsen Lotharingen og det tyske namnet på Lorraine, Lothringen. Det franske namnet for Lorraine er avleidd frå den latinske nemninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lotharingia, Kings & Dukes, Pfalzgrafen», Medieval Lands
  2. Bullough, D.A. (1975): «The Continental Background of the Reform» i: Parsons, David: Tenth-Century Studies. Chichester, UK: Phillimore, ISBN 0 85033 179 X, s. 22