Lough Derg i Donegal

Koordinatar: 54°37′N 07°52′W / 54.617°N 7.867°W / 54.617; -7.867
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lough Derg
innsjø
Land  Irland
Fylke County Donegal
Innsjøtype Lough
Koordinatar 54°37′N 07°52′W / 54.617°N 7.867°W / 54.617; -7.867
Øyar Station Island
Kart
Lough Derg i Donegal
54°36′50″N 7°52′20″W / 54.613888888889°N 7.8722222222222°W / 54.613888888889; -7.8722222222222
Wikimedia Commons: Lough Derg, County Donegal

Lough Derg (Loch Deargirsk irsk, tyder Raudesjøen) er ein innsjø (på engelsk lough) i County Donegal i Republikken Irland.

Midt i innsjøen ligg ei lita øy kalla Station Island eller på folkemunne St. Patrick's Purgatory (St. Patrick sin skjærseld), som har vore ein pilegrimsstad sidan 1100-talet, og kanskje heilt frå 500-talet. Her fastar pilegrimar i tre dagar (det berre lov med eit måltid kvar dag med rista brød og svart te eller kaffi) og går berrføtt rundt steinruinane av munkecellene. Den første natta må dei halde seg vakne og be. Den tre dagar lange pilegrimsferda vert halden her frå juni til midten av august kvart år. Kyrkja på øya heiter St. Patrick's Basilica.

Ein annan, og større, Lough Derg ligg i Munster sør på Irland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]