Lough Erne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lough Erne
Lough Erne -
Lough Erne -
Stad County Fermanagh
Koordinatar 54°28′N 7°49′WKoordinatar: 54°28′N 7°49′W
Type innsjø Lough
Tilsig Erne
Utsig Erne
Tilknytte land Nord-Irland Nord-Irland

Lough Erne (Loch Éirneirsk, tyder Ernaisjøen etter ei av dei gamle Fir Bolg-stammene) er to innsjøar (på engelsk lough) i County Fermanagh i Nord-Irland. Elva Erne renn gjennom begge innsjøane. Elva renn vidare nordover og snur så vestover og ut i Atlanterhavet. Den sørlegaste innsjøen er lenger oppe i elva og vert derfor kalla Upper Lough Erne (Øvre Lough Erne). Den nordlege innsjøen vert kalla Lower Lough Erne (Nedre Lough Erne). Byen Enniskillen ligg mellom innsjøane.

Ein kanal, Shannon-Erne Waterway, går mellom den øvre delen av elva Shannon og Erne, slik at båtar kan gå frå elvemunningen av Shannon sørvest i Irland og gjennom dei sentrale områda vest på øya, over til nordvest og ut i Atlanterhavet.

Fiske og vassport er populære fritidsaktivitetar i innsjøen. Sidan 2005 har det vorte halde internasjonale konkurransar i både vasski og wakeboard her.

Ulster-annalane vart skriven seint på 1400-talet på Belle Island i Lough Erne.

Fermanagh klarte å sleppe unna Den store hungersnøden i Irland i større grad enn andre grevskap. Sidan grevskapet hadde så mange øyar klarte ikkje potetsjukdommen å reise over vatnet. Erneøyane produserte store mengder poteter, som var hovudnæringsmiddelet på desse øyane frå 1845 til 1849, medan fastlandet stort sett svalt.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Innsjøane inneheld mange småøyar og halvøyar. Av øyar i den nedre innsjøen finn ein Boa Island, Cleenishmeen Island, Crevinishaughy Island, Cruninish Island, Devenish Island, Ely Island, Horse Island, Inish Doney, Inish Fovar, Inish Lougher, Inish More, Inishmacsaint, Inishmakill, Lusty Beg Island, Lusty More Island og White Island.

Av øyar i den øvre innsjøen finn ein Bleanish Island, Dernish Island, Inishcorkish, Inishcrevan, Inishfendra, Inishleague, Inishlught, Inishturk, Killygowan Island, Naan Island og Trannish.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]