Lough Gill

Koordinatar: 54°15′N 08°22′W / 54.250°N 8.367°W / 54.250; -8.367
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lough Gill
innsjø
Land  Irland
Fylke County Sligo, County Leitrim
Innsjøtype Lough
Utløp Garavogue
Lengd km
Breidd km
Koordinatar 54°15′N 08°22′W / 54.250°N 8.367°W / 54.250; -8.367
Øyar om lag 20 (Innisfree)
Kart
Lough Gill
54°15′15″N 8°23′01″W / 54.2542°N 8.38362°W / 54.2542; -8.38362
Wikimedia Commons: Lough Gill

Lough Gill (Loch Gileirsk) er ein innsjø (på engelsk lough) i County Sligo i Republikken Irland. Han er om lag 8 km lang og 2 km brei og renn ut i elva Garavogue nær Sligo by. Den vakre innsjøen er omringa av skogkledde åsar som er populære hos fuglekikkarar. Ovanfor innsjøen ligg ein forskansa herregard, Parke's Castle. Den noverande borga vart bygd på 1600-talet av Captain Robert Parke der den tidlegare borga til O'Rourke-klanen (Uí Ruairc) låg. Uí Ruairc styrte området frå om lag 600-talet (dei var etterkomarar av Sean Ferghal O Ruairc, konge av Connacht rundt 952) fram til Oliver Cromwell si tid.

Innsjøen inneheld om lag 20 småøyar, inkludert den romantiske Innisfree, som er gjort kjend i diktet av «The Lake Isle of Innisfree» av William Butler Yeats.

Hazelwood er eit område nordaust for innsjøen.

St. Angela's College i Sligo ligg nær innsjøen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]