Louie, Louie Go Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Louie, Go Home
Singel av Paul Revere and the Raiders
B-side «Have Love, Will Travel»
Utgjeve 17. mars 1964
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Paul Revere, Mark Lindsay
Produsent Terry Melcher, Roger Hart
Paul Revere and the Raiders-kronologi
«Louie Louie»
(1963)
Louie, Go Home «Over You»
(1964)


«Louie, Go Home» er ein song skriven av Paul Revere og Mark Lindsay som ein oppfølgjar til «Louie Louie» av Richard Berry. Han vart spelt inn av Paul Revere and the Raiders i 1963 og gjeven ut i mars 1964.

Det vart gjeve ut to versjonar av «Louie, Go Home». Originalen med saksofonopning vart berre gjeve ut på singel.[1] Ei nyinnspeling med gitaropning vart gjeven ut på albumet Midnight Ride i 1966.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Davie Jones with the King Bees-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Louie, Louie Go Home
Singel av Davie Jones with the King Bees
A-side «Liza Jane»
Utgjeve 5. juni 1964
Innspelt 1964
Sjanger Rock, beat
Lengd 2:09
Selskap Vocalion Pop
Låtskrivar(ar) Paul Revere, Mark Lindsay
Produsent Leslie Conn
David Bowie-kronologi
Louie, Louie Go Home «I Pity the Fool»
The Manish Boys
(1965)


I 1964 spelte ein ung David Bowie, då framleis under namnet David Jones, inn songen med bandet sitt Davie Jones and the King Bees. Han kalla songen «Louie, Louie Go Home» og gav han ut som B-side på debutsingelen sin, «Liza Jane».

Bowie sin versjon av songen kom òg ut på samlealbuma Another Face (1981) og Early On (1964-1966) (1991). Bowie lånte kall- og svar-refreenget 'Just a little bit louder now' for songen «She'll Drive the Big Car» i 2003.

Andre artitar[endre | endre wikiteksten]

The Who spelte inn songen som «Lubie (Come Back Home)» i 1965. Han vart først gjeven ut i 1985 på samlealbumet Who's Missing.

Ein fransk versjon kom ut i 1964 som «Louie reviens chez toi» av den belgiske gruppa Ariane et Les 10/20.

Andre versjonar er spelt inn av A-Bones (1993), Chambermen (1966), Chesterfield Kings med Mark Lindsay (1998), Jack Ely and the Courtmen (1966), Fireballs (1966), Fugitives (1966), Hypstrz (1981), Images (Italia, 1970), Missing Lynx (1967), Mussies (1966), Shades of Grey (1966), Time Beings (1996), Transatlantics (UK, 1966), Vandells (1967) og Danny Zella and the Zell Rocks (1996).

Svarsongar til denne er mellom andre «Louie Come Home» av The Epics i 1965 og «Louie Louie's Comin' Back» av The Pantels i 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Released on CD in 1990 (2 CD compilation «The Legend Of Paul Revere», Columbia C2K 45311).