Louie Shelton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Louis Shelton
Fødd6. april 1941 (79 år)
FødestadLittle Rock i Arkansas i USA
FødenamnWilliam Louis Shelton
OpphavUSA
InstrumentGitar
Tilknytte artistar
Verka somMusikar, musikkprodusent

William Louis «Louie» Shelton (fødd 6. april 1941) er ein USA-amerikansk gitarist og plateprodusent.

I 1960-åra var Shelton studiomusikar og arbeidde i fleire studio i Hollywood.[1] Her arbeidde han mellom anna med The Monkees, inkludert den første plata deira.[2] Sjølv etter at the Monkees byrja å spele sjølv på sin eigne plater, vart Shelton mykje nytta som studiomusikar for dei.[3]

Shelton har òg arbeidd med: Glen Campbell, Simon and Garfunkel, Stevie Wonder, The Partridge Family, Gladys Knight & the Pips, The Jackson 5, Neil Diamond, John Lennon, Barbra Streisand, The Carpenters, The Mamas & the Papas, Marvin Gaye, Ella Fitzgerald, Boz Scaggs, James Brown, Diana Ross, Whitney Houston, Joe Cocker, Kenny Rogers, Henry Mancini, Dave Grusin, Quincy Jones, Lalo Schifrin, Victor Wooten og Tommy Emmanuel.[4] Han spelte gitarsoloen på Lionel Richie-songen «Hello».

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • Touch Me (Warner Bros., 1969)
  • Hot & Spicy (Sin-Drome, 1988)
  • Guitar (Lightyear, 1996)
  • Urban Culture (Lightyear, 2000)
  • Nashville Guitars (Lightyear, 2000)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Baraka, Rhonda (29 August 2000). «Louie Shelton Brings Spirit Of Nightlife To Urban Culture». MTV News. 
  2. «Louis Shelton». The Wrecking Crew Outtake Theater. The Wrecking Crew. Henta 3 January 2015. 
  3. Bryson, Alan (27 January 2010). «Louie Shelton: In Session». All About Jazz. 
  4. Shelton, Louis. Interview with John Reid. Legendary gitarist Louis Shelton. Jazz Radio on the Gold Coast. Retrieved on 3 January 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]