Louis-Joseph Janvier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis-Joseph Janvier

Statsborgarskap Haiti, Frankrike
Fødd 7. mai 1855
Port-au-Prince Sjå dette på Wikidata
Død

24. mars 1911 (55 år)
Paris Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, diplomat, historikar
Louis-Joseph Janvier på Commons

Louis-Joseph Janvier (7. mai 185524. mars 1911) var ein haitisk journalist og romanforfattar.

Janvier var fødd i Port-au-Prince og gjekk på medisinstudiet i Haiti. Deretter flytta han til Frankrike for å fullføre utdanninga si, og i 1881 tok han doktorgraden i medisin der. Han fekk også advokatlisens og gradar i administrasjon, økonomi, finans og diplomati. Medan han budde i Paris vart Janvier interessert i journalistikk, og skreiv fleire artiklar, som «La République d’Haïti et ses Visiteurs», «Haïti aux Haïtiens» og «L’Egalité des Races». Han skreiv også fleire romanar om livet i Haiti. Han vart verande i Frankrike i 28 år, og vende tilbake til Haiti éin gong før han døydde i Paris 55 år gammal.

Bibliografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1883 – «La République d’Haïti et ses Visiteurs» (artikkel)
  • 1884 – «L’Egalité des Races» (artikkel)
  • 1884 – «Haïti aux Haïtiens» (artikkel)
  • 1885 – «Les Affaires d’Haiti» (historisk artikkel)
  • 1886 – Les Constitutions d'Haïti
  • 1888 – Le Vieux Piquet (roman)
  • 1889 – Une Chercheuse (roman)
  • 1908 – Elections Legislatives de 1908 (www)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Patricia Schutt-Ainé: Haiti. A Basic Reference Book (Miami i USA: Staff of Librairie Au Service de la Culture, 1994), s. 96.

Nettstader[endre | endre wikiteksten]