Louis Gurlitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louis Gurlitt

Statsborgarskap Kongedømet Preussen, Kongeriket Danmark
Fødd 8. mars 1812
Altona
Død

19. september 1897 (85 år)
Naundorf

Yrke kunstmålar, landskapsmålar
Språk tysk
Medlem av Hamburger Künstlerverein von 1832
Far Johann August Wilhelm Gurlitt
Louis Gurlitt på Commons

Heinrich Louis Theodor Gurlitt (8. mars 181219. september 1897) var ein dansk-tysk målar som er best kjend for sine mange motiv frå ulike europeiske landskap.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Norsk foss, 1835

Gurlitt var son til ein fabrikkeigar i Altona, som på den tid vart styrt av den danske kongen. Frå Siegfried Bendixen sitt atelier i Hamburg, der han fekk sin fyrste kunstutdanning, kom han i 1832 til Kunstakademiet i København og vart elev i modellklassa. Allereie året etter vann han ein sølvmedalje, og byrja stille ut arbeida sine.

Gurlitt fekk godt sal på bileta sine, så med danske kameratar la han kvart år ut på lange sommarturar til ulike reisemål. Såleis fann han flust med motiv til måleria sine, mellom anna var han ein tur i Noreg. Med eigne midlar heldt han 1836–37 hus i München og budde 1837-39 i Nord-Italia. Etter heimkomsten til København vart han 1840 medlem av Kunstakademiet med måleriet Egn ved Silkeborg. Gurlitt arbeidde i Danmark til 1843. Med ein tysk attest reiste han då til Düsseldorf, og fór vidare til Italia og vart der verande til 1847. Sidan budde han i Tyskland og Austerrike, noko som botna i at Gurlitt støtta Slesvig-holsteinarane i samband med Den første slesvigske krigen (1848-51). Måleria hans vart endåtil fjerna frå plassane sine i Det kongelige Billedgalleri. I hans seinare år vart han utstilt i København einast to gongar: 1862 og 1876.

I Italia tileigna Gurlitt seg ideane til dei tyske målarane som budde i Italia, saman med oppfatninga om ein «italiensk koloritt». Kunstverka hans fjerna seg meir og meir frå den framstillingsmåten som hadde gjort bileta hans ettertrakta i Danmark.

Han døydde i Naunhof ved Leipzig.

Måleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Louis Gurlitt» frå dk, den 25. februar 2014.