Ludvig XIV av Frankrike
Ludvig XIV av Frankrike | |
![]() | |
Fødd | 5. september 1638 Château de Saint-Germain-en-Laye |
Død | |
Yrke | politikar, Kunstsamlar, skodespelar, monark |
Tittel | Konge av Frankrike |
Periode | 1643-1715 |
Føregangar | Ludvig XIII |
Etterfylgjar | Ludvig XV |
Ludvig XIV av Frankrike på Commons |
Ludvig XIV (fransk Louis XIV), kalla «Solkongen», (5. september 1638–1. september 1715) var konge av Frankrike frå 14. mai 1643 til 1. september 1715.
Ludvig vart fødd i den franske byen Saint-Germain-en-Laye. Han var eldste son av kong Ludvig XIII og prinsesse Anna av Austerrike. I 1643 vart Ludvig XIV konge berre fem år gamal. Ein minister styrde landet til han sjølv var gamal nok. Ludvig er mest kjent for slottet i Versailles, som han lét byggja ut i stor stil. Slottet er eit døme på barokk stil, den leiande stilarten i Europa på denne tida.

Ludvig gifta seg med Maria Theresia av Austerrike (1638-1683) den 9. juni 1660, saman fekk dei 6 barn. Berre eitt av desse vart vaksen, tronarvingen Ludvig, Le Grand Dauphin. I tillegg til Maria Theresia hadde kongen fleire elskarinner, av desse er Madame de Montespan den mest kjende.
Etterfylgjaren, Ludvig XV av Frankrike, var oldebarn av Ludvig XIV.