Louise Bennett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Louise Bennett
Fødenamn Louise Simone Bennett
Alias Miss Lou
Statsborgarskap Jamaica
Fødd 7. september 1919
Kingston på Jamaica
Død

26. juli 2006 (86 år)
Toronto

Gravlagd National Heroes Park
Yrke Diktar, folklorist
Språk Patwa, engelsk
Nettstad http://www.louisebennett.com
Louise Bennett på Commons

Louise Simone Bennett-Coverley, kjend som Louise Bennett eller Miss Lou (7. september 191926. juli 2006) var ein jamaikansk forfattar, folklorist og pedagog. Ho skreiv og framførte dikt på jamaikansk kreol, eller patwa, og arbeidde for å ta vare på skikken med å framføra dikt, folkesongar og forteljingar på dette lokale språket.[1]

For arbeidet sitt blei ho tildelt Jamaican Order of Merit, Order of Jamaica og Order of the British Empire.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Louise Bennett var fødd i Kingston på Jamaica. Ho studerte jamaicansk folkeminne ved Friends College i Highgate, St Mary, der ho byrja i 1943. Same året fekk ho gjeve ut poesi i Sunday Gleaner.[2]

England[endre | endre wikiteksten]

I 1945 blei Bennett den første farga studenten ved Royal Academy of Dramatic Art (RADA) i London med eit stipend av British Council.[3][4][5]

Etter at ho var ferdig ved skulen arbeidde Bennett som skodespelar i Coventry, Huddersfield og Amersham, i tillegg til i små revyar over heile England.[6] Medan ho var i Storbritannia leia ho to radioprogram for BBC – Caribbean Carnival (1945–1946) og West Indian Night (1950).[4]

Tilbake til Jamaica[endre | endre wikiteksten]

Bennett var tilsett ved Jamaica Social Welfare Commission frå 1955 til 1959 og underviste i folkloristikk og drama ved University of the West Indies.[7] Frå 1965 til 1982 produserte ho Miss Lou's Views, ein serie radiomonologar, og i 1970 blei ho vert for barne-TV-programmet Ring Ding, som blei sendt fram til 1982. Programmet bygde på Bennett si tru på at «de pickney-dem learn de sinting dat belong to dem» (born lærer om kulturen sin).[8] Som del av programmet blei born frå heile landet bedne om å dela dei kunstnariske talenta si på lufta. I tillegg til å opptre på fjernsyn spelte ho også i fleire filmar, som Calypso (1958) og Club Paradise (1986).[9]

Bennett skreiv fleire dikt og bøker på patwa, og bidrog til å få det anerkjent som eit nasjonsspråk (nation language). Arbeidet hennar påverka mange ande forfattar, mellom anna Mutabaruka, Linton Kwesi Johnson, Jean Binta Breeze og Yasus Afari, som brukte språket på liknande vis.[1][9] Ho gav også ut talrike innspelingar av tradisjonell jamaicansk folkemusikk og opptak frå radio og fjernsyn, som Jamaican Folk Songs, Children's Jamaican Songs and Games, Miss Lou’s Views (1967), Listen to Louise (1968), Carifesta Ring Ding (1976), The Honorable Miss Lou. Ho har fått æra for å ha inspirert Harry Belafonte til å skriva hitsongen «Day-O (The Banana Boat Song)» ved å dela den jamaicanske folkesongen «Hill and Gully Rider» (eller «Day Dah Light») med han.[10][11]

Siste år i Canada, gravlagd på Jamaica[endre | endre wikiteksten]

Det siste tiåret av livet budde Bennett i Scarborough i Ontario i Canada. Ho døydde 27. juli 2006 ved Scarborough Grace Hospital. Etter ei minnestund i Toronto den 3. august blei kroppen hennar flogen til Jamaica og lagt på lit de parade ved National Arena den 7. og 8. august. Ho blei bisett ved Coke Methodist Church i Kingston den 9. august 2006 og gravlagd i seksjonen for kulturelle ikon ved den jamaicanske National Heroes Park.[12][13]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Bennett var gift med Eric Winston Coverley, ein tidleg utøvar og marknadsførar av jamaicansk teater. Dei gifta seg den 30. mai 1954; ektemannen døydde i august 2002.[2][14] Dei oppseda sonen til Coverley, Fabian, saman.[15][16]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Laugh with Louise: A pot-pourri of Jamaican folklore. Kingston: City Printery. 1961. OCLC 76815511. 
  • Jamaica Labrish. Jamaica: Sangster's Book Stores. 1966. OCLC 1968770. 
  • Selected Poems. Jamaica: Sangster's Book Stores. 1982. 
  • Auntie Roachy Seh. Jamaica: Sangster's Book Stores. 1993. 

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Jamaican folk songs, New York: Folkways, 1954, OCLC 255714807 
  • Yes m'dear Miss Lou live! (på engelsk), Sonic Sounds, 1982, OCLC 23971117 

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bennett fekk fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt med jamaicanak litteratur og teater. Kulturorganisasjonen Harbourfront Centre i Toronto i Canada har ein sal kalla Miss Lou's Room til ære for henne.[17] University of Toronto har eit utvekslingsprogram, Louise Bennett Exchange Fellowship in Caribbean Literary Studies, for studentar frå University of West Indies.[18][19] Andre prisar og utmerkingar er mellom anna:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nwankwo, Ifeoma Kiddoe (1. januar 2009). «Introduction (Ap)Praising Louise Bennett: Jamaica, Panama, and Beyond». Journal of West Indian Literature 17 (2): VIII–XXV. JSTOR 23019943. 
  2. 2,0 2,1 «Louise Bennett, Queen of Jamaican Culture». Archives & Research Collections. McMaster University Library. 2011. Arkivert frå originalen 14. juli 2018. Henta 1. mai 2016. 
  3. Murphy, Xavier (2003). «Louise Bennett-Coverley Biography». Henta 28. november 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Moses, Knolly (29. juli 2006). «Louise Bennett, Jamaican Folklorist, Dies at 86». The New York Times. Henta 28. november 2015. 
  5. Morris, Mervyn (1. august 2006). «Louise Bennett-Coverley». The Guardian. Henta 28. november 2015. 
  6. "Biography of Dr. the Honourable Louise Bennett Coverley", Louise Bennett official website.
  7. «Hon. Louise Bennett Coverley OM, OJ, MBE 1919–2006» (PDF). Jamaica Cultural Development Agency. Arkivert frå originalen (PDF) 21. august 2016. Henta 14. august 2016. 
  8. Morris, Mervyn (2006). «Remembering Miss Lou». Caribbean Beat (82). Henta 14. august 2016. 
  9. 9,0 9,1 Williams, Dawn P. (2002). Who's Who in Black Canada : Black success and Black excellence in Canada : a contemporary directory. Toronto: D. Williams. s. 61–62. ISBN 9780973138412. 
  10. Stewart, Jocelyn Y. (2 August 2006). «Louise Bennett-Coverly, 86; Helped Preserve Culture and Language of Jamaica». Los Angeles Times. Henta 14. september 2016. 
  11. «10. Louise Simone Bennett-Coverley or Miss Lou». Toronto Star. 6 June 2012. Henta 14. september 2016. 
  12. «Miss Lou to be Buried on August 9». Jamaican Information Service. 1. august 2006. 
  13. Johnson, Linton Kwesi (mars 2007). «Louise Bennett, Voice of a People». Wasafiri 22 (1): 70–71. doi:10.1080/02690050601097773. 
  14. «Eric Coverley dies at 91 – News». Jamaica Observer. 8 August 2002. Arkivert frå originalen 15. september 2016. Henta 6. august 2016. 
  15. Wong, D. (14. februar 2011). «A treasure trove from Miss Lou». Hamilton Spectator. Henta 28. november 2015. 
  16. Johnson, Richard (24. oktober 2016). «Miss Lou Archives opens at National Library - Entertainment». Jamaica Observer. Arkivert frå originalen 28. november 2016. Henta 27. november 2016. 
  17. «Miss Lou's Room». Arkivert frå originalen 1. desember 2017. Henta 30. november 2017. 
  18. Morris, Mervyn (2014). Miss Lou: Louise Bennett and Jamaican Culture. Andrews UK Limited. s. 126. Henta 1. mai 2016. 
  19. «Louise Bennett Exchange Fellowship in Caribbean Literary Studies University of Toronto – University of West Indies». University of Toronto. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 1. mai 2016. 
  20. 20,0 20,1 Infantry, Ashante (3. februar 1996). «Jamaican 'royal' reigns here by fostering joy of language Island's 'cultural ambassador' to be honored for 60 years of work in arts». Toronto Star. 
  21. «The Mother Of Jamaican Culture Remembered». The Gleaner. 3. juni 2012. Henta 1. mai 2016. 
  22. «Poet and storyteller 'Miss Lou'». York University. YFile. 28. juli 2006. Henta 1. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]