Louise Ritter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Louise Ritter
Statsborgarskap USA
Fødd 18. februar 1958
Dallas
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Dorothy Louise Ritter (fødd 18. februar 1958) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Dallas i delstaten Texas som i 1988 vart olympisk meister i høgdehopp.

Ritter sikra seg bronsemedaljen i høgdehopp då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett fann stad i Helsinki i august. Både ho og landskvinna Coleen Sommer klarte 1,95 m, men Ritter tok høgda i eit tidlegare forsøk og viste Summer til fjerdeplassen. Tamara Bykova frå Sovjetunionen og vesttyske Ulrike Meyfarth stod i eiga klasse i tevlinga med høvesvis 2,01 m og 1,99 m. Både under Sommar-OL 1984 i Los Angeles og Friidretts-VM 1987 i Roma enda Ritter opp på åttandeplass.

I juli 1988 sette Ritter ny USA-rekord i høgdehopp med 2,03 m ved eit stemne i byen Austin. Under OL-finalen 1988 i Seoul den 30. september tok Ritter og verdsrekordhaldar Stefka Kostadinova seg over alle høgdene til og med 2,01 m, utan å rive. Begge reiv så tre gongar på 2,03 m. For å kåre ein olympisk meister fekk dei to eit ekstra forsøk på same høgda. Her reiv Kostadinova, medan Ritter svinga seg over høgda 2,03 m i sitt fjerde forsøk. Ho la opp etter 1989-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]