Louisiana Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Louisiana Man
Singel av Connie Smith
frå albumet I Never Once Stopped Loving You
B-side «Alone with You»
Utgjeve August 1970
Sjanger Country
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Doug Kershaw
Produsent Bob Ferguson
Connie Smith-kronologi
«I Never Once Stopped Loving You»
(1970)
Louisiana Man «Where Is My Castle»
(1970)


«Louisiana Man» er ein song skriven og spelt inn av Doug Kershaw i 1961. Han nådde tiandeplassen det året på Billboard Hot Country Singles-lista då Kershaw og broren gav han ut som Rusty and Doug.

I 1970 nådde Connie Smith 14. plassen på singellista med sin versjon av songen. Singelen vart òg gjeven ut på albumet hennar I Never Once Stopped Loving You.[1]

Songen vart spelt inn på singel av Jan & Dean i 1966 og vart planlagt for albumet Carnival of Sound i 1968. Carnival of Sound kom ikkje ut før i 2010. Andre versjonar vart spelte inn av Seekers, Rick Nelson og Gene Pitney. Bobbie Gentry spelte songen i 1968 på singel. Harpers Bizarre spelte inn songen i 1967 på albumet Anything Goes. Han vart òg spelt inn av The Hollies.

Nynorsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Teddy Nelson og Johnny Carlsen skreiv ein nynorsk tekst til songen, kalla «Bonde ifrå Halmagrø», som vart spelt inn av Teddy Nelson og Flying Norwegians. Songen vart òg seinare spelt av Vassendgutane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 387–88. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]