Lov Herren Katolsk salmebok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

LOV HERREN er salmeboka til Den katolske kyrkja i Noreg. Ho vart utgitt i 2000. Redaksjonskomitéen var leia av Kjell Arild Pollestad.

Salmeboka er meint for liturgisk bruk, i messer og tidebøner. Salmesongen, slik han er kjend frå protestantiske kyrkjer, har tradisjonelt hatt liten plass i den katolske messa. Då det 2. Vatikankonsil opna for bruk av folkespråket i liturgien, opna det også for songar på nasjonale språk.

Som ei universell kyrkje har den katolske kyrkja hatt som mål å vise kyrkjeleg mangfald i salmeutvalet. Boka har difor med salmar av lutherske prestar som Petter Dass, Kingo og Grundtvig, og boka har tekstar skrivne av Vinje, Øverland, Halldis Moren Vesaas, Åse-Marie Nesse, Jakob Sande og Edvard Hoem. Redaksjonskomitéen har meint at det ikkje er diktarens konfesjon som avgjer om ein salme er katolsk eller ikkje, men sjølve innhaldet i versa.

Den katolske salmeboka er redigert på bokmål, og hovudvekta av salmetekstane er på bokmål. Men LOV HERREN har også ein del salmar og messeledd på latin, på høgnorsk og på nynorsk.

Musikalsk følgjer den katolske salmeboka same prinsipp som Norsk Salmebok, ved at melodiane i størst mogleg grad er notert i opphavleg form, og ikkje som i Landstads reviderte salmebok i utjamna rytme. Boka har også nyskrivne melodiar, komponert av Arne Nordheim, Egil Hovland, Trond Kverno og Wolfgang Plagge.