Lov om målbruk i offentleg teneste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lov om målbruk i offentleg teneste, med kortnamna mållova og målbrukslova, var ei lov som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i staten. Lova kom i kraft i 1981 og vart oppheva i 2022, då den nye språklova tredde i kraft.

Lova og forskriftene til lova hadde føresegner om jamstilling mellom bokmål og nynorsk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune, bruken av nynorsk og bokmål i statsorgana, retten for kommunane og fylkeskommunane til å krevje skriv frå statsorgan på bokmål eller nynorsk og føresegner om dei rettane privatpersonar og private instansar har til å få brev, eksamensoppgåver, skjema o.a. frå statsorgan på si eiga målform.

Kultur- og kyrkjedepartementet administrerte lova, førte tilsyn med målbruken i departementa og følgde opp klagesaker. Språkrådet førde tilsyn med statsorgan under departementsnivå, informerte om lova og følgde opp klagesaker.

Lova hadde ikkje føresegner om sanksjonar ved grove brot på reglane. Både det tidlegare Norsk språkråd og det noverande Språkrådet har peika på at det er behov for sanksjonar.

Lova tok til å gjelde 1. januar 1981 og avløyste lov om målbruk i statstenesta frå 1930.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]