Lovavdelinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lovavdelinga er ei avdeling i Justis- og politidepartementet som har ansvar for teknisk kvalitet i lovverket samt å gje juridiske råd til regjeringa og departementa. Alle lovforslag, med unntak av skattelovforslag, blir lagt fram for Lovavdelinga for lovteknisk gjennomgang.

Lovavdelinga blir leia av ein ekspedisjonssjef, som er embetsmann. Avdelinga er delt i tre einingar:

Eining for privatrett
Denne eininga har ansvar for kontraktsrett, erstatningsrett, forsikringsrett, tingsrett, panterett, konkursrett, inkasso, tvangsfullbyrding, arverett, familierett, umyndige, selskapsrett, stiftelser, interlegal rett, internasjonal sivilprosess og delar av transportretten.
Eining for offentleg rett
Denne eininga har ansvar for statsrett, alminneleg forvaltingsrett, ekspropriasjon og generelle lovgjevingsspørsmål, og i tillegg – i samarbeid med Utanriksdepartementetfolkerett, europarett og internasjonale menneskerettar.
Eining for strafferett og prosess
Denne eininga har ansvar for strafferett, norsk og internasjonal straffeprosess, sivilprosess, menneskerettsspørsmål i strafferett og prosess, personvernlovgjevinga og nordisk lovsamarbeid.

Det har av gode grunnar blitt stilt strenge krav til juridisk kompetanse hos dei tilsette i lovavdelinga, mellom anna krav om svært gode eksamensresultat til juridisk embetseksamen eller Master i jus. Mange framståande juristar i Noreg har arbeidd i lovavdelinga, mellom anna fleire av dommarane i Høgsterett.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Lovavdelinga hos Regjeringen.no, vitja 13. juni 2010