Lovdata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Lovdata
Selskapsform Næringsdrivande stiftelse
Org.nr. 934282744
Skipa 1. juli 1981
Hovudkontor Oslo
Styreleiar Knut Kaasen
Adm.dir. Odd Storm-Paulsen

Lovdata er ein allmennyttig stiftelse som har som formål å opprette, vedlikehalde og drive system for rettsleg informasjon. Drifta skal vere sjølvfinansierande. Lovdata blei skipa i 1981 av Justisdepartementet og Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo. På Lovdata sin nettstad ligg viktige og sentrale rettskjelder gratis tilgjengelege. Informasjonen omfattar gjeldande lover og forskrifter – med tillegg av nye avgjerder frå Høgsterett, lagmannsrettane og samandrag på norsk av dommar frå Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.

Lovdata har ein sentral rolle i forvaltinga av regelverket, mellom anna ved å produsere og gje ut Norsk Lovtidend etter oppdrag frå Justisdepartementet. Den offisielle kunngjeringa av lover og forskrifter i Norsk Lovtidend foregår løpande på Lovdatas nettstad. I tillegg vedlikeheld Lovdata konsoliderte versjonar av alle lover og forskrifter, det vil seie versjonar der endringane er innarbeidde i hovudversjonen av lova/forskrifta.

Lovdata tilbyr vidare eit betalingssystem for advokatar og juristar med høve til avansert søking og framfinning, spesielt tilpassa profesjonelle brukarar. Dette systemet er webbasert og omfattar regelverk, rettsavgjerder, fråsegner, vedtak, førearbeid til lovene og juridisk litteratur i tillegg til EØS/EU-rettskjelder. Lovdata arrangerer kurs i bruk av betalsystemet – både i Oslo og i fleire andre byar i Noreg.

Lovdata gir ut tidsskrifta Lov&Data og EuroRett. Lov&Data inneheld i hovudsak rettsinformatiske nyhende frå dei nordiske landa og har også referat av nye rettsavgjerder innanfor rettsinformatikk. EuroRett gir eit bilde av kva som skjer innanfor EU-retten. Viktige avgjerder frå EU-domstolen og EFTA-domstolen blir refererte, saman med norske rettsavgjerder med tilknyting til EØS.

Odd Storm-Paulsen overtok den 1. september 2010 som ny administrerende direktør etter Trygve Harvold, som hadde site i stillinga sidan starten i 1981. Harvold er no spesialrådgjevar i Lovdata.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lovdatas Facebook-side 30. august 2010.